Nyttige tips til ein trygg og vellukka julehandel
Jula nærmar seg, og med den kjem julegåvehandel, gode tilbod og kanskje litt fleire utgifter enn elles. Skal du handle julegåver på nett, er det lurt å betale med kredittkort. Det gir deg ekstra tryggleik dersom noko skulle gå gale med kjøpet.
Samtidig er det viktig å ha kontroll på kor mykje du bruker undervegs i julestria.
Sjekk våre beste tips til ein tryggare og hyggelegare julehandel:
- Betal med kredittkort når du handlar på nett
Det er praktisk å handle julegåvene på nett. Men kva gjer du dersom pakken aldri dukkar opp, eller vara du får, ikkje er den du bestilte?
Når du betaler med kredittkortet, får du ekstra beskyttelse og gode reklamasjonsrettar. Dersom seljaren ikkje ordnar opp, kan du enkelt opprette ei reklamasjonssak i mobil- og nettbanken.
Har du ikkje kredittkort hos oss? Med begge kort i banken får du betre oversikt og kontroll over økonomien. Finn ut meir om kredittkortet og søk her.
- Ver merksam på falske nettbutikkar og tilbod
Før jul dukkar det opp mange freistande tilbod. Dessverre er det også høgsesong for svindlarar. Sjekk derfor at nettbutikken er til å stole på, og ver skeptisk til tilbod som verkar for gode til å vere sanne.
Får du ein SMS eller e-post om ein pakke som ventar på levering, og blir bedt om å betale eit lite gebyr? Ikkje trykk på lenka før du har sjekka at meldinga er ekte.
- Bestem deg for kor mykje du skal bruke på julegåver
Det er fort gjort å la seg rive med når julehandelen er i gang. Lag gjerne ei liste over kven du skal kjøpe gåver til, og kor mykje du vil bruke. Då blir det enklare å halde oversikt og unngå at julehandelen blir dyrare enn planlagt.
Hugs at det du betaler med kredittkortet, skal betalast tilbake. Bruk derfor kortet til kjøp du veit du har råd til.
- Betal heile kredittkortrekninga ved forfall
Kredittkortet gir deg ekstra tryggleik og fleksibilitet når du handlar, men hugs at du bruker lånte pengar. Betaler du heile fakturaen ved forfall, slepp du å betale renter på det du har brukt.
Betaler du berre delar av rekninga, kjem det renter i tillegg, og gåvene blir plutseleg dyrare enn du hadde tenkt. Å betale ned kortbruken over eit par månader går som regel greitt, men pass på å betale ned alt så raskt du kan.
- Legg til både bank- og kredittkortet i den digitale lommeboka di
Gjer julehandelen litt enklare ved å legge til korta i den digitale lommeboka di, som Vipps, Apple Pay, Google Pay eller Samsung Pay. Då har du korta lett tilgjengelege når du skal betale, enten du handlar på nett eller i butikk.
Aktiver også korta dine i Click to Pay, så slepp du å taste inn kortopplysningane dine når du handlar på nett. Hugs å sjekke at du har valt riktig kort og beløp før du godkjenner betalinga. Finn ut meir om korleis du aktiverer tenesta her.
Med litt planlegging og god oversikt kan førjulstida bli mindre stress og meir kos for deg og dine.
God julehandel!
Tips
Handle lokalt! Enkelt for deg og bra for miljøet og lokalsamfunnet.
Prisdøme kredittkort:
Effektiv rente 26,2 %. Låner du 15 000 kr over 12 månader, kostar det 1 650 kr, og du betaler totalt 16 650 kr.
Kredittkortet er levert av Kredittbanken ASA.
Kredittkortet er levert av Kredittbanken ASA.