Hopp til innholdet

Sparepotensialet mange overser

Har du fleire lån, kredittkort eller handlekontoar? Kvar for seg verkar dei kanskje små – men til saman kan dei bli dyrare enn du trur.

Når rekningane kjem frå fleire hald, er det lett å miste oversikta.

 

Kva er refinansiering?

Refinansiering betyr at du slår saman fleire lån og kredittar til eitt nytt lån – gjerne med betre vilkår. Det betyr færre fakturaer, lågare rente og betre kontroll.
Mange gløymer at sjølv små rentekostnader og gebyr kan bli store summar over tid. Det er her mange betaler meir enn dei treng – utan å vere klar over det.

 

Slik kjem du i gang:

  • Prøv refinansieringskalkulatoren vår
  • Send inn ein uforpliktande søknad
  • Eller ta ein prat med rådgjevaren din i banken

Vi hjelper deg med å rydde opp – og få betre oversikt.

 

Visste du at?

Kundane våre sparer i snitt 10 000 kroner ved å samle lån og kredittkort i eitt lån lån hos oss. 

Priseksempel refinansiering av forbruksgjeld

Nom. rente 12,9 %. Eff. rente 14,7 %. Lånebeløp 150 000 kr over 5 år. Kostnad 58 602 kr. Totalt 208 602 kr.

Refinansieringslånet er levert av Kredittbanken ASA.

Spørsmål og svar om refinansiering av forbruksgjeld

Refinansiering er ei god løysing når du har fleire lån med høg rente, ønskjer å redusere kostnadane, eller din økonomiske situasjon har endra seg.

Du kan refinansiere forbrukslån, kredittkort, handlekontoar og andre usikra lån. Ønskjer du å refinansiere panta eigedelar som til dømes bil, båt eller anna, kan du lese meir om refinansiering med tryggleik i bustad.

Refinansiering handlar om å samle eksisterande gjeld, som smålån og kredittkort, i eit nytt lån med betre vilkår. Dette reduserer kostnadane og gjev deg betre oversikt.

Eit forbrukslån er derimot eit nytt lån utan at du nødvendigvis har eksisterande gjeld. Det blir ofte brukt til uventa utgifter eller større investeringar.

 

Når du refinansierer hos oss, får du ei løysing som er tilpassa din totale økonomiske situasjon. Vi kjenner deg godt og kan tilby råd og vilkår som er betre tilpassa dine behov.
Hos oss får du også full oversikt over lånet i mobil- og nettbanken slik at du har kontroll over lånet uansett kvar du er.