Spare i fond
- Kan gje betre avkastning over tid enn vanleg banksparing
- Passar for deg som planlegg å spare langsiktig
- Få personleg rådgiving og gode råd om sparing – tilpassa dine behov
Fondssparing er ein smart måte å byggje opp økonomien din på over tid.
Når du sparer i fond, blir pengane dine investerte i fleire ulike verdipapir, til dømes aksjar eller obligasjonar, og forvalta av profesjonelle forvaltarar.
Over tid har fondssparing historisk gitt høgare avkastning enn vanleg banksparing. Grunnen er enkel: Pengane får moglegheit til å vekse i takt med verdiskapinga i selskapa fondet investerer i. På ein sparekonto står pengane trygt, men dei veks saktare. I fond får dei jobbe for deg, litt kvar dag.
Og hugs: Du treng ikkje spare mykje for at det skal lønne seg. Når du sparer jamleg, veks pengane gradvis, og over tid kan sjølv små beløp bli til mykje. Det viktigaste er å kome i gang.
Ønskjer du å byggje opp ekstra økonomisk tryggleik til pensjonstida, kan fondssparing vere eit godt alternativ til IPS.
Sjå kor mykje sparinga di kan vekse over tid med fondssparing
No er det enkelt å starte fondssparing til barn – les meir om korleis du kjem i gang!
Her finner du oversikt over fondene vi tilbyr, samt nyttige rapporter og dokumenter.
Finn ut kva type fond som kan passe for deg, basert på kor lenge du vil spare og kor mykje du er komfortabel med at sparinga svingar i verdi.
Er du usikker på kva som passar for deg? Våre autoriserte rådgivarar hjelper deg å finne ei løysing som passar både økonomien din, måla dine og kor komfortabel du er med risiko.
Aut. finansiell rådgjevar
95244306
Aut. finansiell rådgjevar
41443901
Aut. finansiell rådgjevar
90122498