Nyttig informasjon
-
PåloggingNår du går til signeringsromma vil du bli spurd om BankID for sikker pålogging. Vi støttar både BankID med kodebrikke og BankID på mobil – frå kva som helst bank.
Dersom du har brukt BankID på vår sider no nyleg og ikkje lukka nettles eller vindauge, så huskar vi deg og du kjem rett inn til signeringsromma. -
Manglande dokumentDersom du ikkje finn dokumenta dine, så kan det vere at vi har utfordringar med ei av tenestene bak. Då kan det vere lurt å logge ut, vente litt og prøve igjen. Dersom det framleis ikkje fungerer kan du ta kontakt med oss.
-
Fullført signeringEtter at du har fullført alle signeringar så kjem du til arkivet. Der kan du sjå dine signerte dokument og laste dei ned.
Vi har mange produkt som bruker signeringsromma og kan førebels ikkje gi deg tilpassa informasjon eller rettleiing gjennom signeringsromma. Men alle produkt skal sende deg informasjon på e-post og/eller sms. etter at du har fullført signeringa. Dette er kvitteringa di. -
Last ned dokumentI arkivet har du to alternativ for å laste ned dokument. Du kan laste ned det usignerte dokumentet (PDF) og du kan laste ned det signerte dokumentet/objektet (SDO).
SDO-en inneheld bevis for at dokumentet er signert og sjølve dokumentet. Men SDO kan ikkje lesast av i standardprogram. Dersom du vil kan du opne det via ei teneste frå Nets (BBS) som kallast E-Signing Validator. Då lastar du opp fila dit og ser at den er signert og kan også opne dokumentet. Bruk knappen nedanfor for å gå til Nets i nytt vindauge.