Fem gode tips til ei tryggare netthandel
Netthandel gir mange moglegheiter, men pass på tryggleiken når du handlar.
Tenk på internett som ein stor by med utallege butikkar – akkurat som i den verkelege verda, må du passe godt på lommeboka di.
Her er fem tips for å handle smart og sikkert på nett:
1. Betal med kredittkortet
- Då er du betre verna mot svindel. Har du ikkje kredittkort frå oss, kan du søkje om kortet her.
- Sørg for at nettadressa startar med https:// og at det visast ein hengelås i nettlesaren før du oppgir personlege opplysningar eller betalingsinformasjon.
2. Ver kritisk til tilboda
- Ikkje la deg lure av tilbod som verkar for gode til å vere sanne.
- Sjekk prisar og undersøk om nettbutikken er påliteleg.
- Les vurderingar frå andre kundar for å unngå falske nettbutikkar.
3. Bruk BankID-appen
- BankID-appen er tryggare og enklare enn til dømes BankID med kodebrikke, og gir deg betre vern mot svindel.
- Du får meir informasjon om kjøpet og kan avbryte viss noko ikkje stemmer.
4. Ver merksam på phishing
- Svindlarar sender ofte falske e-postar eller SMS og utgir seg for å vere kjende aktørar, som Posten, bankar eller nettbutikkar.
- Ver skeptisk til meldingar som ber om personlege opplysningar eller at du skal trykkje på lenkjer og vedlegg.
- Gå alltid direkte til nettstaden ved å skrive inn adressa sjølv.
5. Følg med i mobil- og nettbanken
- Hald oversikt over transaksjonane dine og bankkontoen din.
- Kontakt oss straks viss du mistenkjer svindel.
- Ver rask og sperr korta dine i mobil- og nettbanken.
Hugs: Vi vil aldri be deg om å oppgi konfidensiell informasjon, passord, BankID eller kredittkortnummer. Fleire tips til trygg netthandel finn du på Svindel.no.
Ved å følgje desse gode råda reduserer du risikoen for å bli utsett for svindel. God handel!
Tips
Black Friday og Cyber Monday kan vere fine høve til gode kjøp – men det er òg høgtid for falske nettbutikkar som lokkar med tilbod. Ver derfor ekstra merksam på svindel i desse periodane.
Har du ikkje kredittkort frå oss?
Med bank- og kredittkort på éin stad får du full oversikt og kontroll i mobil- og nettbanken.