Velkomen til nye og moderne kontorlokale midt i Valle.
Valle Sparebank ønskar å styrkje næringslivet i Valle sentrum. Banken tilbyr derfor utleige av fleire kontor i eit flott, nyoppussa lokale under banken. Det er ikkje noko formelt samarbeid mellom banken og bedriftene. Leige av lokale kan gjerast på nett.
Slik gjer du:
Følg lenkja på sida eller skann QR-koden vår. Du blir då send vidare til bookingsida vår. Vel ønskt dato og kontor. Møterommet er tilgjengeleg dersom det ikkje allereie er booka av andre. Når du har booka rommet, lastar du ned Solver-appen for å opne døra.
For langtidsleige, ta kontakt på post@valle.no.
Dette treng du:
Tastatur og mus, i tillegg til eigen mat.
Dette tilbyr vi:
Det er raskt og gratis trådlaust nett i heile lokalet. Kontora er utstyrte med ein 32-tommars skjerm med USB-C- og HDMI-tilkopling. Mus og tastatur må du ta med sjølv.
Møterommet har ein 65-tommars skjerm med Teams-kamera og mikrofon. PC-en kan koplast til med USB-C eller HDMI.
Lokala har eit fullt utstyrt kjøkken med kaffitraktar, vasskokar, omn og mikrobølgjeomn.
Åpningstider :
Alle dagar frå kl. 07.00 til 19.00
Priser :
| Kontor | Møterom |
| 1 dag 200 kr | 1 dag 200 kr |