Hopp til innholdet

Betal enklare med Click to Pay

Med Click to Pay slepp du å taste inn kortopplysningane kvar gong du handlar på nett. Aktiver bank- og kredittkorta dine i mobilbanken, og sjå etter Click to Pay-symbolet når du skal betale.

Kva er Click to Pay?

Click to Pay gjer det enklare og tryggare å handle på nett. Du slepp å taste inn kortopplysningane kvar gong du betaler. Tenesta fungerer på mobil, nettbrett og PC, utan at du treng ein eigen app.

Slik kjem du i gang

Aktiver Click to Pay for alle bank- og kredittkorta dine i mobilbanken:

  1. Opne mobilbanken
  2. Vel Kort i menyen, deretter Click to Pay
  3. Følg rettleinga, og vel korta du vil aktivere

Trygg og enkel betaling med kort frå oss

Click to Pay tilbys av Valle Sparebank i samarbeid med Visa. Visa lagrar og beskyttar kortopplysningane dine, slik at du slepp å taste dei inn hver gang du handlar. Når det er nødvendig, stadfestar du betalinga på same måte som ved andre kortkjøp på nett.

Kvar kan du bruke Click to Pay?

Du kan bruke Click to Pay i stadig fleire nettbutikkar, blant anna hos Elkjøp, Power og Norwegian. Sjå etter Click to Pay-symbolet i kassen når du handlar på nett. Vel kortet du vil bruke, og stadfest betalinga. Du kan når som helst aktivere fleire kort eller slå av tenesta igjen.

Visste du at...?

Du kan bruke både Visa-bankkortet og Visa-kredittkortet ditt med Click to Pay.

Aktiver korta i mobilbanken, og vel sjølv kva kort du vil betale med når du handlar i appar og på nett.