Hopp til innholdet

Byggelån

  • Du låner etter kvart som bygginga går framover
  • Personleg rådgiving heile vegen – frå teikning til ferdig hus
  • Mogleg å gjere om til bustadlån når huset er klart

Trygg finansiering medan du byggjer

Eit byggelån er ein mellombels låneramme du brukar for å betale rekningar i takt med byggeprosessen. Du sender fakturaene til rådgivaren din, og vi utbetaler etter kvart som prosjektet går framover.

Du betaler berre renter på det beløpet du har brukt – ikkje heile lånesummen. I tillegg kan det komme ei provisjon for å ha kreditten tilgjengeleg. Vi gir deg alltid oversikt over kostnadene før du set i gang.

Du får hjelp heile vegen

Når du søkjer byggelån hos oss, får du ein rådgivar som følgjer deg frå planlegginga til huset står klart. I lag går de gjennom:

  • budsjett og byggeplanar
  • framdrift og dokumentasjon
  • korleis du betaler rekningane undervegs
  • kva som skjer når bustaden er ferdig

Når prosjektet er fullført, gjer vi byggelånet om til eit vanleg bustadlån – tilpassa økonomien og kvardagen din.

Start planlegginga tidle

Vurderer du å bygge bustad, er det lurt å ta kontakt med oss tidleg. Då kan vi hjelpe deg å vurdere økonomien i prosjektet, sjå på moglegheiter og legge ein god plan – lenge før spaden treff bakken.

Kva må du ha klart før du søkjer?

For å få byggelån må du dokumentere både prosjekt og økonomi. Vanlegvis må du ha:

  • godkjende byggeteikningar
  • eit oppdatert byggelånsbudsjett
  • kontraktar med entreprenørar
  • eigenkapital eller tomt – som oftast minst 15 % av totalkostnaden

Vi hjelper deg å sjå gjennom dokumenta og vurderer kva som trengst i ditt tilfelle.

Erling Sagneskar

Aut. finansiell rådgjevar

Kari Brottveit Rysstad

Aut. finansiell rådgjevar

Monica Mjåland Thortveit

Aut. finansiell rådgjevar

Tor Arild Rysstad

Aut. finansiell rådgjevar

Torleiv Hovet

Aut. finansiell rådgjevar - avdelingsbanksjef

Spørsmål og svar om byggelån

Eit byggelån er ei mellombels finansiering for deg som skal bygge bustad, hytte eller gjere større påbygg. Du får ei låneramme du kan bruke pengar frå undervegs i byggeprosjektet. Lånet blir utbetalt trinnvis etter framdrift og godkjende fakturaer. Når bustaden er ferdig, blir byggelånet vanlegvis gjort om til eit bustadlån.
For å få byggelån må du blant anna ha godkjende byggeteikningar, budsjett, finansieringsplan, kontraktar med entreprenørar – og nok eigenkapital. Banken vurderer òg betalingsevne og kor gjennomførbart prosjektet er før lånet kan innvilgast.
Kostnaden for byggelånet kjem an på kor mykje du brukar av ramma og kor lenge lånet varer. Du betaler berre renter på det beløpet du faktisk har brukt. I tillegg kan det komme etableringsgebyr og termingebyr. Ta kontakt med banken for å få ein oversikt over kostnadene i ditt tilfelle.
Når bustaden er ferdig, vurderer vi verdien på eigedomen og set opp eit ordinært bustadlån basert på oppdaterte opplysningar. Du treng ikkje søkje på nytt – rådgivaren din hjelper deg med heile overgangen.
Ja, byggelån kan òg brukast ved større oppussingsprosjekt, tilbygg eller ombygging – for eksempel viss du skal byggje på ein ny etasje eller totalrenovere huset. Banken vurderer omfanget og den venta verdiøkninga før lånet blir innvilga.

Bustadlån - priser

Rente
Nominell rente frå 4,90 %
Effektiv rente* frå 5,06 %
Prisar gjeld frå 22.09.2025. 
Priseksempel og vilkår

Priseksempel: 3 000 000 kroner over 30 år, nominell rente 4,90 %, effektiv rente 5,06 %, totalt 5 758 949 kroner. Må vere innan 90 % av bustadverdi.

Lånet har fast månadsbeløp og du kan alltid betale ned ekstra - då reduserast både kostnaden og nedbetalingstida.

Du kan samanlikne våre prisar med prisar frå andre selskap på finansportalen.no.

Rente
Nominell rente frå 5,55%
Effektiv rente frå 5,74 %
Prisar gjeld frå 22.09.2025. 
Priseksempel og vilkår

Priseksempel: 3 000 000 kroner over 30 år , nominell rente 5,55 % , effektiv rente 5,74%, totalt 6 193 070 kroner. Må vere innan 90 % av bustadverdi.

Lånet har fast månadsbeløp og du kan alltid betale ned ekstra - då reduserast både kostnaden og nedbetalingstida.

Du kan samanlikne våre prisar med prisar frå andre selskap på finansportalen.no.


Rente
Nominell rente frå 5,35 %
Effektiv rente frå 5,53 %
Prisar gjeld frå 22.09.2025. 
Priseksempel og vilkår

Priseksempel: 3 000 000 kroner over 30 år, nominell  rente 5,35%, effektiv rente 5,53 %, totalt 6 057 917 kroner. Må vere innan 90 % av bustadverdi.

Lånet har fast månadsbeløp og du kan alltid betale ned ekstra - då reduserast både kostnaden og nedbetalingstida.

Du kan samanlikne våre prisar med prisar frå andre selskap på finansportalen.no.

Rente
Nominell rente frå 4,90 %
Effektiv rente  frå 5,06 %
Prisar gjeld frå 22.09.2025. 
Priseksempel og vilkår

Bustad med energiklasse A eller B.

Priseksempel: 3 000 000 kroner over 30 år, nominell rente 4,90 % , effektiv rente 5,06 %, totalt 5 758 949 kroner.

Lånet har fast månadsbeløp og du kan alltid betale ned ekstra - då reduserast både kostnaden og nedbetalingstida.

Du kan samanlikne våre prisar med prisar frå andre selskap på finansportalen.no.

Nominell rente 6,00 %
Prisar gjeld frå 22.09.2025. 

Må vere innan 60 % av verdivurdering / takst.

Pris
Etableringsgebyr lån  2 500 kr
Etableringsgebyr 3. mannspant 1 000 kr
Termingebyr 65 kr
Depotgebyr 1 000 kr
Tinglysing fast eigedom  frå 545 kr
Tinglysing burettslag  frå 545 kr