Hopp til innholdet

Skaff deg finansieringsbevis og kom i gang med bustaddraumen

Draumar du om å kjøpe din eigen bustad? No har det blitt enklare å kome i gang! Frå 1. januar 2025 har regjeringa senka kravet til eigenkapital frå 15 % til 10 %. Det betyr at fleire – særleg unge og førstegongskjøparar – får ein reell sjanse til å oppfylle bustaddraumen sin.

Kva er eit finansieringsbevis?

Eit finansieringsbevis er ei stadfesting frå banken på kor mykje du kan kjøpe bustad for. Det gir deg tryggleik i bodrunden, og gjer deg klar til å handle når draumehuset dukkar opp. Hos oss får du finansieringsbevis kjapt og enkelt – og du får råd og rettleiing gjennom heile prosessen.

Kor mykje eigenkapital treng eg?

Med dei nye reglane treng du berre 10 % eigenkapital. Det betyr at viss du skal kjøpe ein bustad til 3 000 000 kroner, må du ha 300 000 kroner i eigenkapital – ikkje 450 000 kroner som før. Det kan gjere ein stor forskjell!

PS: Du kan òg bruke BSU, medlåntakar eller kausjonist som ein del av eigenkapitalen – vi hjelper deg å finne det som passar best for deg.

Visste du at?

Du kan enkelt forlenge finansieringsbeviset etter 3 månader dersom du framleis er på bustadjakt

Kvifor søkje bustadlån hos oss?

  • Vi kjenner bustadmarknaden der du bur
  • Du får ein fast rådgjevar som følger deg heile vegen
  • Vi snakkar rett fram og gir råd som gir meining for deg

Kontakt meg om bustadlån

Erling Sagneskar

Aut. finansiell rådgjevar

Kari Brottveit Rysstad

Aut. finansiell rådgjevar

Monica Mjåland Thortveit

Aut. finansiell rådgjevar

Tor Arild Rysstad

Aut. finansiell rådgjevar

Torleiv Hovet

Aut. finansiell rådgjevar - avdelingsbanksjef

Spørsmål og svar om finansieringsbevis

Vi vurderer di evne til å handtere lånet, som vi kallar "beteningsevne," ved å ta omsyn til korleis di økonomi kan takle auka rentekostnader. Vi ser på følgande faktorar:

  • Dine noverande inntekter og utgifter
  • Forventa utvikling i inntektene dine
  • Informasjon frå di siste skattemelding
  • Tidlegare lønnsslippar du har mottatt
  • Eventuelle ekstra inntektskjelder du måtte ha

Her finn du meir informasjon på kva vi vurderer for kor mykje du kan låne til budstad.

Finansieringsbeviset tar utgangspunkt i di økonomi, sparepengane dine og eventuell verdi på eksisterande bustad. Vi gjer ei grundig vurdering av storleiken på bustadlånet og di økonomiske situasjon, slik at du kan vere trygg på at du ikkje låner meir enn kva di økonomi toler.

Finn ut meir om kva vi ser på for å vurdere kor mykje du kan få i bustadlån.

Ja, du kan endre lånebeløpet i ditt finansieringsbevis. Dersom di økonomiske situasjon endrar seg, eller du finn ein bustad som krev eit høgare eller lågare lånebeløp, kan vi justere beløpet etter ei ny vurdering av di økonomi.
Eit finansieringsbevis frå oss er gyldig i 3 månader. Dersom du treng å fornye finansieringsbeviset kan du enkelt gjere dette i mobilbanken vår, eller ta kontakt med oss.

Normalt blir du kontakta av ein rådgjevar innan 24 timar etter du har sendt inn ein søknad. Du kan også følgje status på behandlinga av søknaden din ved å logge inn på "følg min lånesøknad".