Hopp til innholdet
Mor og barn tek selfie i utlandet.
Nyt ferien og ta gode val når du er i utlandet.
Kredittkort

Unngå valutafella i utlandet

Ein blir alltid litt usikker når ein får spørsmålet om å betale i lokal valuta eller norske kroner.

Vel alltid lokal valuta i utlandet!

Du har kanskje stått i situasjonen sjølv. Du er på ferie, og handleturen går til lokalbutikken på hjørnet for å kjøpe nye strandhandkle. Med nyinnkjøpte handkle under armen finn du vegen til nærmaste minibank for å ta ut pengar til å betale drosjeturen ned til stranda. I det du set kredittkortet i betalingsterminalen eller minibanken, får du spørsmålet om du vil betale i norske kroner eller i lokal valuta. Kva vel du?

Rett svar er sjølvsagt lokal valuta. Vi ønskjer å hjelpe deg å ta gode val når du er på reise. Mange vel framleis å betale i norske kroner i utlandet, noko som gjer ferieturen unødvendig dyr. Betaler du i norske kroner, er det dei lokale brukarstada som står for vekslinga, ofte til ein høg og ugunstig kurs for deg som kunde. Ved å betale i lokal valuta, får du med ditt kredittkort best mogleg vekslingskurs som blir sett av Visa.

Slik vel du riktig

La oss seie at du er i Spania og treng å ta ut euro.

  1. Set inn kortet i minibanken og tast PIN-kode
  2. Vel ønsket uttaksbeløp
  3. Ved spørsmål om å konvertere/veksle i NOK eller EUR, vel alltid lokal valuta (EUR). Vi veit det er forvirrande når alt står på engelsk, men hugs å alltid velje "Decline conversion / Continue without conversion" sjølv om knappen av og til kan vere raud.

Vel du feil, kan det koste deg fleire hundrelappar i unødvendige vekslingsgebyr.

Og du, hugs at det er gebyrfritt å ta ut lokal valuta i minibank når du bruker våre kredittkort i utlandet. Nokre minibankar kan ha eigne gebyr for det, så les nøye informasjonen på skjermen.

I tillegg er alle uttak rentefrie i inntil 45 dagar. Vel du å nedbetale ferien over fleire månader, vil det påløpe renter. Valutapåslag tilkjem på alle kjøp betalt i lokal valuta med bank- eller kredittkort.

God tur!

Visste du at?

Du blir belasta med ekstra gebyr dersom du vel å betale i norske kroner i utlandet.

Dette gjeld også når du handlar i våre naboland Danmark og Sverige.

Finn ut meir om våre kort