Hopp til innholdet
Kvinne som er ute og ser på mobilen.

Få betre kontroll over økonomien

Ønskjer du betre kontroll på kvardagsøkonomien? Det er enklare å ha oversikt – og lågare skuldre – når alle inntekter og utgifter er samla i éin bank.

Mange fordelar med alt på éin stad

Uansett kva livsfase du er i, har du nok fleire faste inntekter og utgifter, og det kan vere ein stor fordel å samle heile økonomien på éin stad. Som student har du kanskje studielån og ein ekstrajobb, og utgifter til leige av leilegheit, Netflix-abonnement og liknande. Som nyetablert opplever mange at ein større del av inntekta går til faste utgifter – spesielt viss du nettopp har fått barn eller kjøpt din første bustad.

Utgiftene forsvinn jo ikkje berre fordi barna blir større. Sjølv om inntekta gjerne aukar, aukar ofte utgiftene òg – fleire fritidsaktivitetar og meir utstyr som skal kjøpast inn. Nokre rekningar kjem til mor, andre til far – og det kan vere vanskeleg å få oversikt. Med heile familien samla i éin bank, er det enklare å ha ein felles økonomi, ein felles rekningkonto – og betre oversikt og kontroll. Du kan òg få AvtaleGiro og faste trekk for treningssenter, strøymetenester og anna – som du kanskje elles ville gløymt eller mista oversikta over med fleire bankforhold.

Som pensjonist går mange litt ned i inntekt, men har framleis mange ulike utgifter – til mat, klede, drivstoff, vedlikehald av bustad, offentlege avgifter og meir. Då kan det fort bli uoversiktleg å spreie transaksjonane over ulike kontoar. Derfor er det lurt å flytte løn og trygd til oss – kanskje har du allereie lån eller forsikringar her.

Det er enklare enn du trur å bytte bank. Alt du treng å gjere, er å gi beskjed til arbeidsgivar, NAV, Lånekassen eller andre som betaler deg, om at du har fått nytt kontonummer.

Alt på éin stad

Når du samlar alt på éin stad, får du betre oversikt over økonomien din – og det blir enklare å forstå kva pengane dine faktisk går til. Éin titt i nettbanken, eller éi enkelt kontoutskrift, gir deg eit bilete av både utgifter og inntekter. Følgjer du eit budsjett eller har sparemål, kan det hjelpe å samle alt på éin stad.

God personleg rådgjeving

Vi i banken din ønskjer at du skal kjenne deg godt teken vare på. Rådgjevaren din sit klar til å gi deg gode råd og tips. Når løn, lån og utgifter er samla i lokalbanken, får rådgjevaren betre innsikt i økonomien din og kan gi deg meir personleg rådgjeving. Vi er faktisk så opptekne av kundane våre at vi vann prisen for Årets beste kundeservice i 2020!

Betre kontroll på utgifter

Hugs å flytte AvtaleGiro-ar frå tidlegare bankar og oppdatere abonnement – til dømes på strøymetenester, mobil eller matkassar – med ny kortinformasjon. Mange opplever at å bytte bank gir betre kontroll på utgiftene. Kanskje oppdagar du eit abonnement du hadde gløymt, eller bestemmer deg for å rydde i faste kostnader og kvitte deg med det du ikkje har bruk for. Rådgjevaren din kan hjelpe deg med det praktiske – og med økonomisk rådgjeving.

Vi har fokus på ekte menneske som hjelper deg, og du kan ta kontakt med oss på chat, e-post eller telefon – og få rask hjelp.

Smarte løysingar og ekte folk

Hos oss får du smarte løysingar som gjer bankkvardagen enklare – og gratis personleg rådgjeving. Då kan du bruke mindre tid på bank og økonomi – og meir på dei fine kvardagsaugneblikka. Betre kontroll over økonomien gir rett og slett meir kvardagsglede. Ta kontakt med banken din i dag for å flytte løna di til oss – og samle alt hos banken som kjenner deg best.