Slik aktiverer du automatisk auke av spareavtale
Små justeringar av spareavtalen din kan gjere ein forskjell over tid. Her ser du korleis du enkelt aktiverer automatisk auke og byggjer sparinga litt etter litt.
Slik aktiverer du automatisk auke av spareavtale:
Aktiver automatisk auke for dei eksisterande spareavtalane dine:
- Opne mobilbanken eller spare-appen «Smartspar».
- Gå inn på éin og éin spareavtale for å aktivere automatisk auke.
- Vel beløpet du ønskjer å auke med i kroner. Aukinga skjer årleg.
- Trykk på «Ferdig», og spareavtalen din oppdaterer seg innan kort tid.
Du kan når som helst endre dette seinare.
Aktiver automatisk auke når du opprettar ei ny spareavtale:
- Opne mobilbanken eller spare-appen «Smartspar».
- Gå til «Spar i fond» for å opprette ny sparing med eit fast månadleg beløp.
- Følg stega for å opprette månadleg sparing, og vel eit månadleg sparebeløp.
- Aktiver automatisk auke dersom du ønskjer det, og vel hyppigheit, månad og beløpet du ønskjer å auke med.
- Trykk på «Bekreft», og du er i gang!
Du kan når som helst endre dette seinare.