Hopp til innholdet
Fond

Slik fekk Kristian kontroll på sparinga – og trygg økonomi for framtida

Kristian (29) har alltid hatt eit medvite forhold til økonomi. Først då arbeidsgivaren auka pensjonssparinga, skjønte han kor viktig det er å ha ein eigen spareplan for ei trygg framtid.

Kristian ønskte å sikre seg ein god økonomi den dagen han ikkje lenger er i jobb.

Då rådgjevaren i banken tok kontakt for å snakke om sparing og pensjon, blei det enklare å ta grep. Kristian opplevde at dette var både lurt og ein naturleg del av det å bli vaksen. I dag har han tre eigne spareavtalar i tillegg til pensjonssparinga frå jobben. Med rådgjeving frå banken fekk han ei oversikt som gav meining og ein spareplan som passa for han.

– Då Espen i banken sette opp eit rekneskap og synte korleis pengane kunne vekse over tid, skjønte eg det betre. Og det kjennest bra, fortel han.

 

Ein lokal bank som kjenner deg

Kristian har aldri vore i tvil om kvar han ønskjer å spare. Den lokale banken gir han både tryggleik og ei kjensle av å vere heime. Han veit at han alltid kan ringe rådgjevaren sin dersom han lurer på noko, og han får gode svar som gjer at han føler seg ivareteken.

Han set òg pris på måten rådgjevaren møter han på. Sidan dei er omtrent på same alder, opplever Kristian at forklaringane blir enkle å forstå, og at samtalane har ein god tone – noko som betyr mykje for han.

 

Verdien av gode sparevanar

Etter møtet i banken har Kristian blitt meir medviten på kva han brukar pengar på. Han unner seg framleis det som betyr mest for han, som reiser, men prioriterer alltid sparing først. I dag blir beløpet trekt automatisk frå løna når han får denne inn på konto, og han opplever at det gir både struktur og fridom.

Før brukte han mykje pengar på ting han eigentleg ikkje trong. No har han ein plan som fungerer. Sjølv når han sjekkar mobilbanken og ser at sparepengane svingar i verdi, beheld han roen og minner seg sjølv på at sparing handlar om tolmod – pengane skal ikkje brukast i morgon.

 

Kristians råd til andre på hans alder

Mange på hans alder tenkjer at «det ordnar seg» når det gjeld økonomi og pensjon. Kristian meiner det er smartare å starte tidleg, fordi små grep kan gjere ein stor forskjell over tid. Han opplever sjølv at pensjonssparing slett ikkje er så komplisert som det kan verke.

– Jo tidlegare du startar, jo betre. Pensjon kan høyrast kjedeleg ut, men det er eigentleg ganske enkelt – og det gir ei god kjensle av kontroll, seier Kristian.

 

Vil du òg starte å spare i fond?

Snakk med ein rådgjevar i Valle Sparebank – vi hjelper deg å finne ei løysing som passar for deg og økonomien din.

Innhaldet på desse sidene er marknadsføring og må ikkje oppfattast som personleg rådgjeving. Det er berre våre autoriserte rådgjevarar som kan gje personleg rådgjeving. Viss du ønskjer rådgjeving frå ein av våre rådgjevarar, kan du booke møte her.
Historisk avkastning er inga garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil mellom anna avhenge av marknadsutviklinga, forvaltaren sin dugleik, fondet sin risikoprofil og forvaltningshonorar. Avkastninga kan bli negativ som følgje av kurstap. Det er knytt risiko til investeringar i fondet på grunn av marknadsrørsler, utvikling i valuta, rentenivå, konjunkturar, bransje- og selskaps-spesifikke tilhøve. Før teikning vert det oppfordra til å lese fonda sin nøkkelinformasjon og prospekt.

Informasjon om fonda sine investeringsmandat og risiko finn du i det enkelte fond sitt prospekt og nøkkelinformasjon som er tilgjengeleg på våre nettsider.
Oversikt over fonda sine kostnader finn du her.