Hopp til innholdet

Valle Sparebank leverer eit godt resultat per 30.06.2025 – og det skjer mykje bra i banken

Netto rente- og kredittprovisjonsinntekter pr. 30.06.25 er på 29,9 mill. kroner, som er 1,1 mill. kroner høgare enn på same tid i fjor. Total utlånsportefølje er ved utgangen av 2. kvartal 2.854 mill. kroner, som er ein auke på 156 mill. kroner eller 5,8 % samanlikna med same tidspunkt i fjor. Sidan nyttår er auken 121,5 mill. kroner eller 4,5 %.

Vi opplever god vekst i både utlån og innskot – vi har nyleg mottatt årets kundeundersøking som viser at kundane våre er svært nøgde med Valle Sparebank, og då særleg den personlege servicen dei opplever hos oss.

Før ferien reduserte Noregs Bank styringsrenta frå 4,5 prosent til 4,25 prosent. På møtet 14.08. heldt Noregs Bank renta uendra, men Sentralbanken held på bodskapen om at renta truleg setjast vidare ned i løpet av året.

Banken er solid med dyktige medarbeidarar og ei sterk lokal forankring. I august får vi to nye rådgivarar som vi snart vil presentere, og før sommaren inngjekk vi ein samarbeidsavtale med Boligmegleren. Det betyr at vi er godt rusta for ytterlegare vekst og for å vere ein god bank for både eksisterande og nye kundar.