Hopp til innholdet
Kvinne i svart genser held ein kvit og brunflekkete hund som står på ein stor stein i skogen, med tre og blå himmel i bakgrunnen.

Hundeforsikring

  • Frå berre 15 prosent eigenandel
  • Forsikre bruksverdien til jaktpartnaren din
  • Ubegrensa tal på videokonsultasjonar med veterinær hos FirstVet

Ein forsikring laga for jaktpartnaren din

Sørg for at verdas beste hund får hjelpa den treng, når den treng det. Hundeforsikringa dekkjer veterinærutgifter og andre kostnader som kan dukke opp dersom hunden din blir sjuk eller utsett for ei ulukke.

Visste du at?

Som medlem i NJFF får du uavgrensa med videokonsultasjonar med veterinær hos FirstVet når du har hundeforsikring hos oss.

Spørsmål og svar om hundeforsikring

Ja, du kan velje mellom 15, 25 og 50 prosent eigenandel.
I appen og på nettsidene til NJFF.
På området dogweb (Hundedatabasen) på NKK’s hjemmesider. Der finn du også ID-/registreringsnummer.

Veterinærdekninga varer livet ut, men det er rasespesifikke avgrensingar på dekning for dødsfall og bruksverdi, avhengig av alderen til hunden.

Dekninga for dødsfall og bruksverdi opphøyrer automatisk ved hovudforfall året etter at hunden når aldersgrensa for rasen sin, som er:

8 år for

Berner sennenhund, Grand Danois, Irsk Ulvehund, Leonberger, Newfoundlandshund, Pyrenéerhund, Napolitansk Mastiff og St. Bernhardshund

10 år for

Blandingsraser og øvrige rasar

12 år for

Bichon Havanais, Border Terrier, Cairn Terrier, Chihuahua, Chinese Crested, Dvergschnauzer, Finsk Lapphund, Finsk Spets, Foxterrier, Islandsk Fårehund, Jack Russel Terrier, Lhasa Apso, Toy-, Dverg- og Mellompuddel, Kleiner og Grosser Münsterländer, Norrbottenspets, Norsk Buhund, Papillon, Phalène, Schnauzer, Shih Tzu, Softcoated Wheaten Terrier, Tibetansk Spaniel, Tibetansk Terrier, Västgötaspets, Welsh Springer Spaniel, West Highland White Terrier og Whippet

Du kan forsikre hunden din sin verdi som jakthund, tenestehund, avlshund eller gjeterhund. For å kunne forsikre bruksverdi, må du også ha livsforsikring for hunden.
Ein person i ein skog peikar mobilen mot poten til hunden sin under ein videokonsultasjon med veterinær hos FirstVet.

Gratis videokonsultasjon med online veterinær

Med hundeforsikringa for NJFF-medlemmar får du ubegrensa tal på videokonsultasjonar med veterinær hos FirstVet. FirstVet er ope 24/7 heile året, uansett kvar du er.