Kva gjer du om hunden eller katten din blir sjuk i ferien?
Ferien skal vere kos. Men viss hunden eller katten din plutseleg blir dårleg midt i julemiddagen eller på hytta med lang veg til hjelp, blir det fort noko heilt anna enn kos. Med dyreforsikring frå oss får du tilgang til FirstVet – videoveterinæren som alltid er med deg, rett på mobilen.
Rask hjelp når du treng det
FirstVet gir deg videokonsultasjon med veterinær, døgnet rundt. Du får uavgrensa tal på konsultasjonar i året inkludert i forsikringa, og ventetida er som regel kort. Perfekt når du treng råd med ein gong, men ikkje er sikker på om du bør dra inn til veterinær.
Kva kan FirstVet hjelpe med?
Dei kan mellom anna gi råd om:
- Oppkast, diaré eller dårleg mage
- Kløe, utslett og småskadar
- Auge- og øyreproblem
- Kulde, salt og vinterpoter
- Mistanke om forgifting
Veterinæren ser dyret gjennom kameraet på mobilen din og gir tydelege tilrådingar, enten noko du kan følgje opp heime, eller at dyret bør takast med til fysisk veterinær. Det gjer det mykje enklare å ta gode val, også når du er på ferie.
Dette får du inkludert i forsikringa
- Uavgrensa tal på videokonsultasjonar i året
- Ope 24/7, heile året
- Ei teneste som får svært gode tilbakemeldingar frå brukarane
Kort sagt: Er du på ferie, i tvil eller treng raske råd, så har du veterinæren i lomma.
Når må du dra til veterinær?
Ta kontakt med fysisk veterinær så raskt som mogleg dersom dyret har pustevanskar, sterke smerter, store skadar eller verkar alvorleg påverka. FirstVet kan hjelpe deg med å vurdere kor akutt situasjonen er.
Eit lite ferietips
Last ned FirstVet og registrer dyret før du reiser. Då er du klar dersom noko skjer, og kan nyte ferien litt tryggare – både for deg og firbeinte venene dine.