Det første du bør gjere er å melde frå om hendinga på staden og få ei skriftleg stadfesting på det innmelde forholdet. 

  • Tap eller skade under transport skal meldast til transportselskapet. 
  • Tjuveri eller ran skal meldast til politiet eller reiseleiaren på staden. 
  • Skade eller tap frå hotell, restaurant, flyplass eller liknande skal meldast til hotellet, restauranten osv. 
Kva slags dokumentasjon bør eg leggje ved? 
Sjølv om skadeoppgjeret er ein prosess basert på gjensidig tillit, er det likevel lurt å få tak i dokumentasjon som stadfestar hendinga. Her er ei liste over kva som er lurt å ha klart før du melder ein skade: 

Forseinka bagasje: 
  • PIR-rapport (Property Irregularity Report) frå flyselskapet som stadfestar forseinkinga. 
  • Kvitteringar på utlegga du hat hatt (hugs å summere desse).
Avbestilling: 
  • Avbestillingsdokument frå reisearrangøren eller flyselskapet. 
  • Oversikt over kva du får refundert av reisearrangøren eller flyselskapet. 
  • Legeattest, dersom avbestillinga kjem av sjukdom. 
Sjukdom/ulukke: 
  • Dokumentasjon av alle tilknytte utgifter til lege, medisinar, drosje osv. 
Reisegods: 
  • Tjuveri av reisegods: skriftleg stadfesting frå staden det skjedde på. 
  • Fråstolen mobiltelefon: Stadfesting på sperring av IMEI-nummer - du finn IMEI nummeret ved å taste *#06#. Telefonen blir sperra hjå politiet, som sender førespurnaden om sperring vidare til telefonoperatøren. 
  • Oversikt over tapet med skildring av type gjenstandar, alder, modell og pris om ein må kjøpe gjenstandane på nytt. 
  • Ved innbrot eller dersom noko er øydelagt: Bilete. 

Kva om du blir sjuk på reisa? 
Dersom du blir sjuk på reisa, kan du enkelt avbestille reisa og skadde ein legeattest som stadfestar sjukdommen. Blir du sjuk på reise i utlandet tilrår vi at du tek kontakt med Eika sin forlenga arm, SOS International. Via den døgnopne alarmsentralen deira får du hjelp uansett kvar du er i verda. 

 
Dersom du blir sjuk på reisa er det lurt å hugse på dette: 

  • Følg anbefalingane du får frå legen. 
  • Sei ifrå til Eika eller SOS International dersom du blir lagt inn på sjukehus eller dersom du reknar med at utgiftene kjem til å overstige 5 000 kroner. 
  • Få ei skriftleg stadfesting frå legen om at utgiftene som er komne på, er nødvendige, og om du har behov for å avbryte reisa.
  • Ta vare på alle kvitteringar frå legebesøk, medisinar og andre utgifter knytte til sjukdommen. 
Har du andre spørsmål knytt til skadeoppgjer eller reiseforsikring, kan du lese meir her.

Vi ønskjer deg ei god og sikker reise!