Hopp til innholdet
Vipps

No kan barna vippse i skulekiosken på 17. mai 🎉

Vipps for barn har fått nye funksjonar – perfekt for is, pølser og lodd når barnet skal betale sjølv på skulearrangement.

Barn har lenge kunna bruke Vipps til å sende pengar til vener og familie – heilt utan bankkort.

No har dei òg moglegheit til å betale i kiosk og på stands som brukar Vipps-nummer, til dømes på 17. mai. Dette krev at barnet har eige bankkort, men gir meir fridom og meistring i kvardagen – medan du som føresett framleis har full kontroll i appen.

Kontakt oss om bankkort for barn

Kva er Vipps-nummer?

Vipps-nummer er eit nummer med fem eller seks siffer som du ofte ser på plakatar og skilt i kioskar, på loppemarknad eller hos idrettslag. Når barnet har bankkort knytt til sin Vipps-profil, kan det betale til desse numra sjølv – akkurat som dei vaksne.

Funksjonar i Vipps for barn – med og utan bankkort

Funksjon Krev bankkort?
Motta pengar ❌ Nei
Vippse til vener og familie ❌ Nei
Sjå saldo og transaksjonar i appen ❌ Nei
Vippse til Vipps-nummer (t.d. kiosk) ✅ Ja
Handle med tæpping (kontaktlaus kortbetaling) ✅ Ja

God foreldrekontroll

Sjekk barnet si betalings- og meldingshistorikk i Vipps kvar månad

Slik kjem de i gang med Vipps for barnet

Generell tilgang til Vipps:

  1. Opne Vipps og gå til ‘Meg’ nede til høgre
  2. Trykk på ‘Legg til barn’
  3. Barnet lastar ned Vipps på si eiga telefon og opprettar ein brukar
  4. Den andre føresette får SMS og godkjenner i sin Vipps

Vipps – så er barnet i gang!

Aktivering av Vipps-nummer og tæpping:

  1. Opne Vipps og trykk på ‘Meg’
  2. Trykk på namnet til barnet ditt
  3. Skru på ønskte funksjonar og følg stega – NB! Dette må gjerast av begge foreldra

Kva er tæpping?

Tæpping betyr at barnet kan halde bankkortet inntil kortterminalen for å betale, utan å taste PIN-kode. Dette gjer det superenkelt å handle småting i butikken eller kiosken – og det kjennest ekstra kjekt å meistre det sjølv!

Tryggleik og kontroll for deg – fridom og meistring for barnet

Med Vipps for barn har du som føresett alltid oversikt. Du vel kva barnet har tilgang til, set grenser for bruk og kan sperre funksjonar ved behov. Dette gir barnet høve til å lære seg god pengebruk – på ein trygg måte.

Vil du vite meir?

Besøk vipps.no/under-15 for alt du treng å vite.