Samsung Pay

Med Samsung Pay kan du raskt og sikkert betale med mobil, klokke eller anna smarttilbehøyr frå Samsung i alle kontaktlause terminalar over heile verda, i butikkar, appar og på nettet. Legg korta dine inn i Samsung Pay og bruk Samsung-telefonen din eller klokka di som lommebok.
  • Betale med mobilen
  • Lett å bruke
  • Sikker betaling
Last ned Samsung Pay

Tre enkle steg for å kome i gang

Last ned Samsung Pay
  1. Du må ha ein Samsung Galaxy 7 eller nyare.
  2. Frå Samsung Wallet kan du enkelt leggje til korta dine. Om du ikkje har Samsung Pay, må du installere appen først. 
  3. Følg instruksjonane for å leggje til korta dine. 
 

Slik betalar du med Samsung Pay

Med mobil:

  1. Har du aktivert snarvegen «Hurtigtilgang», sveipar du opp frå botnen på startskjermbiletet på telefonen. Om du ikkje har det, må du opne Samsung Pay-appen. Du kan endre kort ved å sveipe til høgre eller venstre. 
  2. Trykk på «Fingeravtrykk», Iris-knappen eller PIN-knappen for å taste inn PIN-koden. 
  3. Legg baksida av mobilen mot betalingsterminalen og området for kontaktlaus betaling. Stadfest kjøpet med fingeravtrykk eller PIN dersom terminalen ber om det. Terminalen gjev melding når kjøpet er gjennomført.

Med klokke:

  1. Stå på kva skjermbilete som helst og trykk på meny-ikonet (3 linjer) øvst på venstre side av skjermen.
  2. Klikk på tannhjul-ikonet («Innstillinger»).
  3. Trykk på «Velg Betalingskategori-kort».
  4. Vel eller fjern korta du vil definere som betalingskategori-kort.
  5. Legg framsida av klokka mot betalingsterminalen og området for kontaktlaus betaling. Stadfest kjøpet med fingeravtrykk eller PIN dersom terminalen ber om det. Terminalen gjev melding når kjøpet er gjennomført.