Hopp til innholdet

TUSEN TAKK FOR TILLITEN!

Vi i Valle Sparebank er hoppande glade – og stolte over resultata frå årets kundeundersøking! Kundane i Valle Sparebank gjev tilbakemelding om at vi skapar gode kundeopplevingar, vi er tilgjengelege, personlege og yter særs god service og rådgjeving

Vi er stolte og takksame over resultata frå årets kundeundersøking, som er gjennomført av det anerkjende analyseselskapet Kantar. Kundane våre er særs nøgde med både den daglege bruken av banken, råda vi gjev og responsen dei får når dei kontaktar banken sin!

Som lokalbank, både i Valle, Kristiansand og Vennesla, er vi opptekne av å vere truverdige, lojale og tilgjengelege – og vi opplever at vi lukkast med det, ut frå tilbakemeldingane vi får frå kundane våre.

"Som relativt ny banksjef i Valle Sparebank er det ei stor glede å oppleve at kundane våre set stor pris på lokalbanken sin! Dei seier at vi både har gode digitale løysingar, og dei verdset personleg service og god rådgjeving. Dette gjev motivasjon til å utvikle oss vidare, og til å styrkje posisjonen vår i både Setesdal, Vennesla og Kristiansand,seier banksjef Elisabeth Slettedal.  

Tusen takk til alle dykk som tok dykk tid til å svare på undersøkinga. Tilbakemeldingane gjev oss verdifull innsikt – vi vil halde fram med å bidra til nærmiljøet vårt, og skape gode kundeopplevingar også i framtida!💚

På biletet ser de ein hoppande glad banksjef på Svarvarnuten, 1378 moh, i Valle kommune