Hopp til innholdet
160aarsfestansatte
Valle Sparebank's ansatte
Nyhet

Takk for ei storslått 160-årsfeiring – og takk til frivilligheita i Valle

Valle Sparebank vil rette ei stor og inderleg takk til alle som var med og gjorde 160-årsfeiringa vår til ei minnerik og verdig markering.

Det var ei glede å samle kundar, samarbeidspartnarar, frivillige lag og organisasjonar – og heile lokalsamfunnet – til ei feiring av banken, historia og fellesskapen vi er ein del av.

I 160 år har Valle Sparebank vakse i takt med bygda og regionen. Banken er bygd på tillit, nærleik og engasjement – verdiar som framleis står sterkt i alt vi gjer. Feiringa vart eit godt bilete på nettopp dette: eit levande lokalsamfunn, prega av frivillig innsats, dugnadsånd og vilje til å skape noko saman.

Vi ønskjer særleg å takke all frivilligheita i Valle kommune. Gjennom generasjonar har frivillige lagt ned tusenvis av timar for å skape aktivitet, inkludering og trivsel for små og store. Det er dette engasjementet som gjer bygda vår levande – og som gjer Valle til ein god stad å bu.

I 2026 delte Valle Sparebank ut totalt 2 millionar kroner til allmennyttige lag, foreiningar og prosjekt i lokalsamfunnet. I tillegg har banken gjeve ei gåve på 1 million kroner til Valle kommune, øyremerkt arrangement og aktivitet i det nye kultursenteret. Dette er vårt bidrag til vidare utvikling, fellesskap og gode møteplassar for framtida.

Til alle som bidreg – i det små og i det store: Tusen takk for innsatsen de legg ned, og for alt de skaper saman. Vi er stolte av å få vere banken i Valle – og vi gler oss til å vere med vidare, allstøtt med dykk.