
4 svindelmetodar du bør kjenne til – og korleis du unngår dei
Svindlarar blir stadig meir utspekulerte – særleg i periodar med mange feiringar og ekstra mykje aktivitet. Her er dei vanlegaste metodane akkurat no – og korleis du kan beskytte deg sjølv og dei rundt deg.
Desse svindelmetodane ser vi mest av akkurat no
1. Svindel ved sal på Finn.no
Du får ei melding frå ein “kjøpar” som vil bruke tenester som Fiksferdig eller Helthjem. Dei sender deg ei lenkje og ber deg fylle inn kortinformasjon og BankID.
Kva skjer eigentleg? Du gir svindlaren tilgang til kontoen din. Dei loggar seg inn som deg i nettbanken, flyttar pengar frå sparekonto til brukskonto – og brukar deretter kortet ditt til å ta ut beløpa.
Ver merksam på:
- Overføringar i nettbanken du ikkje kjenner igjen
- Trekk på kortet rett etter slike overføringar
- Uventa meldingar som ber deg logge inn via ei lenkje
2. Falske meldingar frå kjende aktørar
SMS-ar eller e-postar kan sjå ut som dei kjem frå Autopass, Statens vegvesen, Spotify – eller til og med Eika. Dei ber deg klikke på ei lenkje og logge inn for å “oppdatere kontoen” eller “betale uteståande beløp”.
Men dette er svindel. Nettsida ser ekte ut, men er laga for å stjele BankID-informasjonen din.
Kva skjer eigentleg? I slike tilfelle brukar svindlaren oftast kortet ditt direkte – utan å flytte pengar mellom kontoar først.
Ver ekstra merksam på:
- Meldingar med dårleg språk eller merkelege lenkjer
- Beskjedar om “uteståande beløp” eller “kontoavslutting”
- Uventa varslar frå kjende aktørar
3. Mobilbank-takeover
Svindlarar prøver å ta over mobilbanken din. Først lurer dei deg til å oppgi BankID-passordet, deretter får dei deg til å lese opp eller sende ein aktiveringskode du har fått på SMS.
Kva skjer eigentleg? Med både BankID og aktiveringskoden lastar svindlaren ned mobilbank-appen og loggar inn som deg. Då kan dei overføre pengar og bruke kortet ditt – som om det var du sjølv.
Ver merksam på:
- Uventa SMS-ar med aktiveringskodar
- Nokon som ringer og ber deg lese opp ein kode
- Varsel om at ein ny eining har fått tilgang til mobilbanken
4. Telefonsvindel
Svindlarar ringer deg og utgir seg for å vere frå banken, politiet eller Økokrim. Dei seier at kontoen din er i fare, at nokon prøver å svindle deg – og at du må oppgi BankID-passordet for å “beskytte” deg.
Kva skjer eigentleg? Dei prøver å stresse deg til å handle raskt, så du ikkje rekk å tenkje deg om. Målet deira er å få tilgang til pengane dine. Ofte har du først fått ei SMS som ser ut som ho kjem frå ein kjent aktør – som NAV, Skatteetaten eller eit inkassoselskap. Det gjer svindelen meir truverdig.
Ver ekstra merksam på:
- Telefonar som skaper stress eller panikk
- Nokon som ber deg logge inn med BankID mens du snakkar med dei
- SMS-ar med alvorleg innhald som kjem like før oppringinga
Er du usikker?
Ta kontakt med oss. Det er heilt greitt å ringe banken berre for å vere sikker. Betre éin gong for mykje enn éin gong for lite. Vi i Valle Sparebank er her for deg – i din kvardag.
Viktig å hugse på
Det viktigaste du kan gjere, er å vere årvaken og aldri dele BankID-passordet – uansett kven som spør, og korleis dei spør.