Hopp til innholdet
Verdigjenstandforsikring

Dei vanlegaste bunadsskadane – og korleis du kan unngå dei

Når bjørka sprett og konfirmantane strøymer til, er det på tide å finne fram bunaden – og håpe at du slepp å søle noko på han i år òg.

Nordmenn eig bunader for over 30 milliardar kroner, og kvart einaste år blir det meldt skadar på bunadene, spesielt etter sjølvaste bunadsdagen 17. mai.

– Typiske bunadsskadar frå sjølve nasjonaldagen er søl – det vere seg is, brus og ketchup, mindre rifter og hol, og at ein mistar bunadssølv. Dette er hendingar vi ikkje dekkjer på innbuforsikringa, fortel skadeførebyggjaren.

Men det er ikkje berre på sjølve dagen du må passe på bunaden.Slik tek du vare på han før, under og etter bruk:

Før du skal bruke bunaden

Ta bunaden ut av skapet og la han lufte seg før du skal bruke han.

Finn fram sølvet, puss det og sjekk at alle festa fungerer som dei skal.

Ta bilete av bunaden og bunadssølvet, og ta vare på kvitteringa. Det gjer oppgjeret lettare om du er uheldig og noko skjer med bunaden din.

På dagen

Fest alt sølvet og bunadsveska godt. Det går ofte raskt føre seg på 17. mai-morgonen, men ta deg god tid med bunaden slik at alt sit skikkeleg før du hastar ut døra. Det er jo greitt å kome heim med like mykje bunad som du gjekk ut med.

Ver litt ekstra på vakt for flekkar gjennom dagen. Om du først har så uflaks at du får ein flekk på bunadsskjorta, bør du starte førstehjelp så fort som mogleg.

Om flekken er frå ketchup, brus eller is, kan du bruke to serviettar og kokande vatn. Ha ein serviett bak flekken og press den andre med kokande vatn på flekken.

Du bør bruke ein mild fargelaus såpe på feittflekkar på bunadsskjorta. Om du får stygge flekkar på andre delar av bunaden, må han til reinseri. Då er det viktig at du vel eit reinseri som har erfaring med bunader.

Nokre flekkar er nesten umogleg å få bort, så det beste er sjølvsagt å unngå flekkane heilt. Få ting øydelegg 17. mai like fort som å få eit familiearvestykke øydelagt av ein kaffiflekk.

Skadeforebygger Therese Hofstad-Nielsen i Fremtind, forsikringsselskapet vårt. 

Når du er ferdig med han

Når bunaden skal hengjast bort, må han vere tørr, slik at han ikkje mugnar. La bunaden lufte seg godt før du pakkar han bort. Då unngår du at han samlar fukt og lukt. Unngå å lufte bunaden når du ikkje er heime. Det hender at tjuvar stel bunader som heng til lufting.

- Vi får ofte inn skadar på bunaden som skuldast insekt og møll. Dette blir ikkje dekt av forsikringa, sidan det er ditt eige ansvar å oppbevare bunaden forsvarleg, opplyser skadeførebyggjar Therese Hofstad-Nielsen i Fremtind.

Viss du får møll på bunaden, bør du riste han godt og fryse han ned over natta slik at du drep eventuelle egg du ikkje fekk rista av, så ristar du han på nytt etter du hentar han ut av frysaren. Ha bunadssølvet på ein fast plass, for eksempel i ein safe. Overraskande mange finn ikkje att alt bunadssølvet sitt kvart år.

Hugs å forsikre bunaden

Bunaden er ofte det dyraste klesplagget du eig, og då er det dumt om noko skjer med han utan at du har forsikring.