
Når oppvaskmaskina lek og budsjettet sprekk
Å flytte heimanfrå og klare seg sjølv er meir enn taco på fredag og vaktliste på kjøleskåpet. Du treng ein plan for økonomien – og forsikringar når ting går skeis.
Forsikringar er kanskje ikkje det første du tenkjer på når du skal flytte for deg sjølv. Men litt planlegging no kan spare deg for store kostnader seinare.
Her er dei viktigaste forsikringane du bør ha på plass:
- Innbuforsikring
Har du mobil, klede, møblar og elektronikk? Då treng du innbuforsikring. Ho dekkar eigedelane dine ved brann, tjuveri eller vasskadar – også i kollektiv. Ho kan òg dekke ekstrautgifter som hotell dersom du ikkje kan bu heime ein periode. Ei smart forsikring å ha, uansett om du leiger eller eig. - Reiseforsikring
Du er ofte på farten – kanskje til studiestaden, heim i helgene eller på ferie. Ei heilårs reiseforsikring er lurt å ha, også i Noreg. Ho hjelper deg om noko går gale før eller under reisa – som sjukdom, forseinkingar eller mist bagasje. Ho dekkar òg uhell og tjuveri. Tryggleik i lomma, uansett kvar turen går. - Ulukkesforsikring
Ingen likar å tenkje på det verste, men ei ulukke kan fort bli dyr. Ei enkel ulukkesforsikring gir deg tryggleik og økonomisk støtte dersom du blir skadd. Ho kan dekke alt frå behandling og opptrening til varig medisinsk invaliditet. Ein enkel måte å sikre litt ekstra tryggleik i kvardagen på.
Økonomi – ha kontroll frå starten
Lag budsjett: Kor mykje har du å rutte med kvar månad, og kva går pengane til?
Hugs faste utgifter: Husleige, straum, internett, mobil, forsikring og abonnement.
Spar litt kvar månad: Om det berre er hundre kroner, så gjer det ein forskjell over tid.
Unngå dyre forbrukslån og kredittkortgjeld: Bruk pengar du har – det gir fridom seinare.
Praktiske ting å hugse på:
- Adresseendring: Meld flytting til Folkeregisteret og Posten.
- Boligalarm eller brannvarslar: Er det på plass i bustaden? Om ikkje – sørg for det.
- Straum og internett: Sjekk prisar og les vilkår før du inngår avtale.
- Sjå over leigekontrakten nøye: Er det depositum? Kven har ansvar for kva?
Vi er her for deg
Hos oss får du ein rådgivar du kan snakke med. Vi kjenner kvardagen din og veit korleis du kan gjere smarte val som passar livet du lever akkurat no.
Klar for å flytte? Her er sjekklista di:
- Innbuforsikring
- Reiseforsikring
- Ulukkesforsikring
- Budsjett på plass
- Straum, internett og adresseendring ordna
- Sparing i gang
Treng du hjelp? Snakk med oss i banken – vi hjelper deg å finne gode løysingar.