Hvor mye snø tåler egentlig taket ditt?
Slik er du på den sikre sida - før det er for seint.
Det er midt på vinteren. Snøen har lava ned i fleire dagar. Han er tung, våt og kompakt og alt anna enn lette snøfjon som dalar ned frå himmelen som fjør.
Du står på gardsplassen og måkar. Kvar skuffe du tar følest tyngre enn den førre. Etter ei tøff økt er endeleg gardsplassen fri.
Men kva med taket ditt? Bør kanskje det også bli nokre kilo lettare?
Det er nemleg ikkje nødvendigvis høgda på snøen på taket ditt som er målestokk for når du bør måke det. Det er heller kva slags snø som ligg der.
I snitt veg éin meter snø så mykje som 300 kilo per kubikkmeter. Og våt snø er mykje tyngre.
På grunn av klimaendringane får vi samtidig meir våt nedbør om vinteren og store, plutselege snømengder som mange bygningar ikkje er dimensjonert for.
Og det er faktisk ditt ansvar som huseigar å sikre bygningane dine og fjerne snø frå taket for å unngå skade.
Når bør du måke taket ditt?
Viss du veit når huset ditt eller hytta di blei bygd, har SINTEF i samarbeid med Direktoratet for byggkvalitet, laga nokre retningslinjer for når du bør vurdere å måke taket.
Tommelfingerreglane er:
- Er bustaden din bygd mellom 1950 og 1979 toler taket vanlegvis inntil 50 cm tørr, gammal snø eller 40 cm våt snø. Men talet kilo det toler, varierer noko.
- Bygningar som er oppført etter 1980 skal tole vesentleg meir.
Hus eller hytter oppført mellom 1950 og 1969
Ble huset ditt bygd mellom 1950 og 1969 og har ei lett takkonstruksjon, toler det 150 kilo snø per kubikkmeter. Tunge tak toler noko meir.
Hus eller hytter oppført mellom 1970 – 1979
Ble bustaden din bygd mellom 1970 og 1979, toler det inntil 150 kilo snø per kubikkmeter.
Hus eller hytter oppført etter 1979
Ble bustaden din bygd etter 1979, toler det meir. Kor mykje kan du sjå i berekningsgrunnlaget frå då huset blei oppført.
Skal taket ditt tole 250 kilo per kvadratmeter, betyr det at taket ditt toler 80 cm gammal snø eller 60 cm våt snø. Skal det tole 350 kilo per kvadratmeter, taklar det 120 cm tørr, gammal snø eller 90 cm våt snø.
Men for å vere på den sikre sida, bør du måke i god tid før grensa er nådd og snøen blir for tung. Då blir jobben enklare også.
Fjern snøen før den blir tung og våt. Ver obs på knirk og smell
Merkar du at dørene eller vindauga dine har byrja å gå litt tregt kan det skuldast snømengda på taket. Knirkjer og smell det i veggar og tak i tillegg, kan det vere fare på ferde.
Kom deg sporenstreks opp på taket, og følg nokre enkle råd.
Dette skal du tenkje på når du måkar taket
- Tenk på din eigen og andre si sikkerheit først. Det er det aller viktigaste. Ver forsiktig, unngå kjappe løysingar og ha gjerne med deg ein ekstra hjelpar som kan stå på bakken og passe på.
- Prøv å måke taket så jamt som mogleg. Belastar du taket skeivt kan det få konsekvensar. Sørg for at du fordeler belastninga så godt du kan.
- Ikkje fjern all snøen. La det bli igjen 10 – 20 cm snø. Då skader du ikkje papp-, plate- eller takstein.
- Tenk på kvar snøen du fjernar hamnar. Det kan vere at nærliggjande tak og veggkonstruksjonar ikkje toler den ekstra belastninga.
- Ikkje lag renner i snøen på tvers av den vegen taket fell. Det gjer snøen på taket ustabil og kan setje store mengder snø i rørsle samtidig.
- Ver forsiktig viss du brukar maskiner eller wire. Er det snø heilt opp frå hus- eller hytteveggen til taket, bør du vere forsiktig med å bruke maskiner eller ein wire når du fjernar snøen. Det kan gjere både snøen og konstruksjonen ustabil og setje ting i rørsle.
For å vere på den sikre sida, anbefaler vi uansett alltid at du har ei husforsikring.
Du kan sjekke kva forsikring som passar deg og kjøpe den her.