
Mekling med Mekle
- Alt er digitalt - du slepp å møte opp noko stad
- Gratis og heilt utan eigenandel
- 8 av 10 saker som går til mekling løysast
Å gå til retten kan vere både krevjande og tidkrevjande. Mekling er eit alternativ som kan gi ei raskare og enklare løysing på konfliktar.
Når du hamnar i konflikt med ein motpart, og kravet ditt har blitt avslått, har det oppstått ein tvist. Å ta saka vidare til retten kan vere både mentalt og økonomisk krevjande, og ofte ein lang prosess.
No har du moglegheit til å melde inn saka di til Mekle for ei raskare og enklare løysing på konflikten – heilt utan kostnad eller eigenandel.
Mekle sine meklarar har høg fagleg kompetanse og lang erfaring innan juss, tvisteløysing, mekling og psykologi. Mekle vel den meklaren som har relevant fagbakgrunn for å løyse di sak.
Når du har hamna i ein tvist som er dekt av rettshjelpsforsikringa di, kan du velje å nytte deg av mekling. Dersom saka ikkje vert løyst med mekling, kan du likevel nytte deg av rettshjelpsforsikringa for å ta saka vidare til rettsapparatet.
Dei aller fleste av våre skadeforsikringar inkluderer dekning for rettshjelp. Rettshjelpsforsikringa du har inkludert i skadeforsikringa di, dekkjer saker knytte til det du har forsikra. Har du for eksempel ein bil med bilforsikring, er du dekt for rettshjelp ved konfliktar knytte til kjøp og sal av bilen.