-
Eg har selt/vraka bilen min. Kva gjer eg?
Forsikringa blir annullert når vi får melding frå Statens Vegvesen om at køyretøyet er selt/vraka.
-
Eg har avskilta bilen min. Kva gjer eg?
Bilforsikringa blir avslutta automatisk, viss du berre har ansvarsforsikring. Viss du har delkasko, får du automatisk dekninga brann/tjuveri. Viss du har kasko, får du lagringskasko. Dersom du ikkje ønskjer denne dekninga, må du seia ifrå til oss.
-
Når aukar bonusen min?
Bonusen din aukar ein gong i året såframt du ikkje har hatt ein skade. Bonusen aukar samtidig som forsikringa blir fornya. Dersom du har hatt ein skade, blir bonusen din redusert når forsikringa blir fornya.
-
Kor lenge beheld eg bonusen, utan å ha bil?
Unytta bonus blir forelda etter 3 år. Då får du startbonus på neste bil.
-
Kan eg arva bonus?
Bonus kan arvast eller delast mellom gifte, sambuarar og partnarar.
-
Eg skal bruka bilen min til øvingskøyring. Kva må eg gjera?
Du treng ikkje å endra bilforsikringa. Det er rettleiaren som blir rekna som føraren av bilen og er ansvarleg.
-
Gjeld bilforsikringa viss den som skadar bilen er under 23 år?Det er viktig å registrera dersom bilen har brukarar under 23 år. Viss det kjem fram av forsikringsbeviset at køyretøyet ikkje har brukar under 23 år, men det i skadeaugeblikket viser seg at brukar er under 23 år, blir egenandel forhøgde med 7 000 kroner.
-
Kan eg endra køyrelengd på bilforsikringa?
Du kan justera opp køyrelengda i nettbanken eller i forsikringstenesta. Det er viktig å følgja med på at du ikkje køyrer lenger enn den køyrelengda du har sett.
Ønskjer du å redusera køyrelengda ber vi om at du kontaktar rådgivaren din som kan hjelpa deg med dette.