$name
-
Kva tyder BID 1409?
Det er brukt for lang tid på å fylla ut data for å fullføra transaksjonen. Her må du prøva på nytt.
-
Kva tyder BID 1437?
BID-1437 – feil kode er tasta inn. Kontroller at du har rett kodebrikke og at du les kodebrikka rett veg. Trykk på kodebrikka for å få fram ny kode og prøv om att. Kontakt eventuelt kundesenteret.
-
Kva tyder BID 1439?
BID-1439 – kodebrikka er sperra. Ring kundesenteret for å få opna sperra.
-
Kva tyder BID c167?
Mobiloperatøren du nyttar kan ha sperra BankID på mobil. Det kan skje viss du til dømes har endra abonnementet, bytt SIM-kort eller mobiltelefon. Du løyser det ved å logga deg inn i nettbanken med BankID-brikke og bestilla BankID på mobil på nytt.
-
Kva tyder BID 2031, 2032, 2033, 2034, 20a1, 20a2, 20b0, 20b1?
- Sjekk at nettlesaren din er oppdatert
- Du kan ha for låg snøggleik eller ustabilt internett. Prøv omstart av modem/ruter og prøv på nytt. Viss internett er ok, prøv omstart av PC/MAC (det er ikkje alltid at ein legg merke til ustabilitetar, så vi tilrår i alle høve ein omstart av modem/ruter).
- 3) Prøv ein annan nettlesar
-
Kva tyder BID 5000, 5001, 5002, 5003?
Lukk nettlesar og prøv på nytt. Dersom det ikkje fungerer, prøv med ein annan nettlesar.
-
Kva tyder BID 500a, 5007, 1118, 1299
Prøv først å sletta mellombelse internettfiler. Lukk deretter alle vindauge, opn nettlesaren på nytt og prøv å logga inn. Alternativt kan du òg prøva ein annan nettlesar dersom du har det. Viss ikkje det hjelper, kan det vera lurt å starta modemet eller den trådlause ruteren på nytt.