Er du ein av dei som har fått ein SMS eller ein e-post der du må klikka på ei lenkje til ei falsk nettside der du blir bede om å leggja inn personleg informasjon? Då har du vorte utsett for eit forsøk på phishing kvar dei kriminelle prøver å fiska ut informasjon frå deg.  

Ikkje bit på kroken, sjølv om avsendar ser ut til å vera banken eller Eika. Bruk sunn fornuft før du gjer litt meir. Stopp opp og tenk deg om. Me vil aldri be deg om å oppgi konfidensiell informasjon, passord, BankID eller kredittkortnummer. Dette gjeld også andre bankar, bedrifter og butikkar. Er du i tvil? Gå inn på den offisielle nettsida til aktøren for å logga inn, ikkje klikk på lenkja du har fått tilsendt. 

Ver varsam og ekstra merksam  
November og desember er månader der det blir handla mykje, også på nett. Med godt nettvit kan du behalde tryggleiken slik at handelen går rett for seg. Noko av det aller viktigaste du må hugsa, er at du alltid bør betala med kredittkortet når du handlar i nettbutikkar eller i app, anten du vel å bruka Vipps eller kortbetaling. 

Grunnen er at kredittkortet er tryggare enn det vanlege bankkortet ditt. I det du bruker kredittkortet, er det nemleg pengane til banken du handlar med, og ikkje dine eigne. Skulle du derfor vera uheldig og bli svindla, er det ikkje lønnskontoen din som blir tappa. 

Fem tips for å avsløra svindlarane 

  • Sjekk sender 
    Det er viktig å sjekka avsendaradressa. Ved å halda musepeikaren over namnet, kjem avsendaradressa opp.  

  • Ikkje trykk på lenkjer  
    Bruk det same trikset på lenkjer i e-post og SMS. Kjeltringane lokkar deg gjerne med ein trussel om at kontoen din blir sperra om du ikkje loggar deg inn (på ei falsk side) og verifiserer koden din. Ikkje la deg stressa til å trykkja, stopp opp og tenk deg godt om. Er det sannsynleg at denne aktøren sender ut informasjon på denne måten? Er det naturleg at dei ber om denne informasjonen? Me vil aldri senda deg SMS eller e-post med direkte lenkje til innlogging. 

  • Ikkje opne vedlegg 
    Hugs at du ikkje må opna vedlegg viss du er usikker på om avsendaren er ekte. 

  • Sjå etter dårleg språk 
    Svindlerne blir proffare, men ofte er det framleis dårleg norsk som blir nytta. Sjå etter skrivefeil og uvanleg ordbruk. 

  • For godt til å vera sant? 
    Er tilbodet, konkurransen eller informasjonen for godt til å vera sant? Ja, då er det mest sannsynleg svindel.