Er du på jakt etter ny bustad, har du mest sannsynleg byrja å sjå på bustadlån òg. Då har du kanskje funne ut at det er fort gjort å gå litt i surr: For kva er eigentleg skilnaden på annuitetslån og serielån, nominell og effektiv rente? Vi har omsett frå bankspråk til daglegtale.

Ulike typar lån

  • Annuitetslån. Den vanlegaste typen lån. Du betaler det same beløpet kvar månad (om renta ikkje endrar seg). Etter kvart som du betaler ned lånet, blir rentedelen mindre og avdragsdelen høgare. Dette gir deg ei føreseieleg nedbetaling, der du gradvis betaler meir til deg sjølv.
  • BLU. Bustadlån for unge er eit eige tilbod til deg mellom 18 og 33 år. Du kan låne opp til 85 prosent av kjøpesummen til den lågaste renta vi har.
  • Rammelån. Blir òg kalla flexilån. Du blir innvilga ein kreditt på inntil 60 prosent av verdien på bustaden, og bestemmer sjølv når du byrjar å bruke pengane, og når du vil betale ned på lånet. Du betaler berre renter på det du faktisk har brukt, ikkje heile låneramma. Kan vere ein fordel når du kjøper oppussingsobjekt og ikkje skal ut med heile beløpet med det same.
  • Refinansiering. Dersom verdien på bustaden din har auka, kan du òg auke bustadlånet ditt for å låne pengar til å pusse opp.

Andre omgrep

  • Lånegrad. Kor stor del av bustadverdien det er lånt på. Er bustaden din verd 1 million og du har lånt 700 000, er lånegraden 70 prosent.
  • Eigenkapital. Den delen av kjøpesummen du dekkjer sjølv. I dag er kravet at du dekkjer minst 15 prosent av bustadverdien. For deg over 34 år er kravet 20 prosent.
  • Fastrente. For deg som vil betale det same kvar månad. Renta er fast, sjølv om marknaden svingar.
  • Finansieringsbevis. Eit dokument som stadfestar kor mykje du kan låne. Ein garanti frå banken som stadfestar at du har finansieringa i orden før du går inn i ein bodrunde.
  • Flytande rente. Når rentene går litt opp og ned, avhengig av marknaden. Om økonomien din tòler at det varierer litt, er flytande rente mest lønnsamt over tid.
  • Kausjonist. Ein som stiller seg personleg økonomisk ansvarleg som sikkerheit for lånet ditt.
  • Medlåntakar. Ein person som er med på å låne. Like ansvarleg for å betale renter og avdrag som hovudlåntakar.
  • Mellomfinansiering. Eit kortsiktig bustadlån som gjer at du kan kjøpe ny bustad før du sel den gamle.
  • Nominell rente. Renta på lånet ditt, utan eventuelle gebyr.
  • Effektiv rente. Nominell rente pluss gebyr. Det er denne summen du faktisk må betale for pengane du låner.
  • Realkausjonist. Ein som stiller eigedomen sin til sikkerheit for lånet ditt (pant).
  • Rentebuffer. Dette er ein sikkerheitsmargin banken legg inn slik at økonomien din tòler litt svingingar i renta.

Som du ser er det mange alternativ å velje mellom for deg som ønskjer bustadlån. Det kan difor vere lurt å be om råd frå nokon med erfaring og oversikt.

Ta gjerne kontakt med oss for ein rådgivingssamtale i dag – vi hjelper deg å velje gode løysingar.