1. Del aldri opplysningar om BankID-en din – sjølv ikkje til politi, styresmakter eller oss i banken 

2. Les om korleis du held BankID-en din trygg, på nettsidene våre  

3. Dersom du blir kontakta og beden om å gje frå deg BankID, er det svindel! Legg på og kontakt oss med ein gong 

4. Ver førebudd på at du kan bli kontakta av svindlarar, slik at du kan gjere trygge val dersom uhellet er ute 

5. Legg på i tide dersom du er usikker på kven du snakkar med  

6. Meld frå til oss dersom du får ein mistenkjeleg telefon 

7. Det er inga skam å snu – kontakt oss for å sjekke at det verkeleg er oss du har snakka med 

8. Mange er usikre rundt dette med svindel. Spør oss om råd – vi er her for å hjelpe 

9. Ring oss med ein gong dersom uhellet er ute