Elisabeth Slettedal ønskjer dei nye leigetakarane velkomne
Vi er svært glade for å få Lunden Regnskap som leigetakar i dei nyoppussa lokala våre. Dette skaper liv og aktivitet i bygget og er samstundes eit positivt bidrag til næringsutviklinga i Valle.
Vi har stor tru på at sterke fagmiljø skaper ringverknader, og det er verdifullt både for næringslivet og innbyggjarane at fleire rekneskapstenester blir tilgjengelege lokalt.
Etableringa bidreg til å styrkje sentrum og gjere Valle til ein endå meir attraktiv stad å drive verksemd.
Lunden Regnskap har frå før kontor i Vennesla, Evje og på Hovden. Valle blir no den nyaste avdelinga.
Inger Lise Homme, som har lokal tilknyting til Valle, får ei sentral rolle i satsinga og skal arbeide ved det nye kontoret.