Arbeidet med å pusse opp lokala er no i gang, og banken nyttar lokale handverkarar i prosjektet. Dersom alt går etter planen, satsar Valle Sparebank på å opne den nye kontorhubben i november.
Kontorhubben vil få sju fullt utrusta kontorstasjonar og eit moderne møterom som kan leigast ved behov. Tilbodet skal gjere det enklare å ha ein god arbeidsdag i Valle – anten ein treng kontorplass for ein dag, ei veke eller over lengre tid.
For Valle Sparebank handlar prosjektet om meir enn kontorplassar. Banken ønskjer å bidra til meir aktivitet i sentrum, leggje til rette for fleksibelt arbeid og skape ein stad der menneske kan møtast, samarbeide og dele idear.
– Vi ser at måten folk jobbar på er i endring. Stadig fleire har fleksible arbeidsformer og moglegheit til å jobbe der dei ønskjer. Med kontorhubben håpar vi å gjere det enklare å kombinere arbeid, fritid og opphald i Valle, samtidig som vi bidreg til aktivitet og utvikling i sentrum, seier banksjef Elisabeth Slettedal.
Kontorhubben kan vere aktuell for lokale næringsdrivande som treng ein profesjonell arbeidsplass, studentar som ønskjer ein stad å jobbe frå, hyttefolk som vil forlengje opphaldet i Setesdal, eller tilreisande som treng gode fasilitetar for arbeid og møte.
Er du interessert i å leige kontorplass eller møterom i den nye kontorhubben? Ta gjerne kontakt med oss på post@valle-sparebank.no.