Individuell pensjonssparing (IPS)

Individuell pensjonssparing (IPS)

No kan du spara inntil 15.000 kroner i året og få ein skatteutsetjing på inntil 3.300 kroner! I den nye ordninga er heile sparesaldoen din unnateken formueskatt – og du betalar heller ikkje skatt på avkastninga i spareperioden.

Kva er IPS?

  • IPS står for individuell pensjonssparing
  • Maksimalt sparebeløp per år er 15.000 kroner i 2022. Det var 40.000 kroner i 2021
  • Årleg skatteutsetjing kan bli inntil 3.300 kroner
  • Pengane er bundne fram til pensjonsalderen
  • Kan tidlegast betalast ut frå ein er 62 år
  • Utbetaling kan minimum skje over 10 år, minst til ein er 80 år. Dersom du får pensjonen betalt ut frå du er 62 år, blir minimum utbetalingstid derfor 18 år
  • Dersom årleg utbetaling er under 20 prosent av G (grunnbeløpet i folketrygda, 23.724 kroner) kan utbetalingstida setjast ned slik at ein når dette beløpet
  • Ein kan spare i IPS frå ein fyller 18 år, til ein er 75 år
  • Sparebeløpet på IPS-kontoen (pensjonskapitalen) går til dei etterlatne dersom kunden døyr før den avtalte utbetalingsperioden går ut
  • Du kan sjølv velje kvar du ønskjer å ha IPS-avtalen din
  • Du kan avbryte pensjonsspareavtalen og få skrive ut eit pensjonskapitalbevis. (Dette kan du ikkje ta ut før pensjonsalderen)
 

Slik fyller du opp IPS-kontoen din i Smartspar

  1. Last ned Smartspar og logg inn med BankID
  2. Trykk på Pensjon
  3. Trykk på Se kva du får i pensjon
  4. Fyll ut informasjonen og ta pensjonskalkulatoren
  5. Vel Start sparemål til pensjon og følgje stega for å starte sparing på IPS 
Appstore logo
 
Google Play logo

Gode råd

ASK eller IPS? Ja takk, begge delar

Vi forklarar skilnaden, og når du bør velje kva.

ABC i pensjon

Synest du pensjon er vanskeleg? Her er oversikta du treng dersom du går surr i pensjonsbokstavane.