1. Undersøk om studiet ditt er godkjent i Noreg.
Dette gjeld spesielt helsefag og profesjonsutdanningar.

2. Sørg for at du har forsikringar i orden.
Det kan fort bli dyrt om uhellet er ute og du står utan forsikring. Vi har ein eigen forsikringspakke for deg som er student, au pair eller jobbar frivillig i utlandet. Den består av reise- og ulykkesforsikring, og kan utvidast med innbu- og studieavbrotsforsikring.

3. Skal du melde flytting?
Undersøk om det er nødvendig å melde permanent adresseendring før du reiser. Dette kjem an på landet du skal studere i. Det er ikkje vanleg å måtte melde flytting ved studiar i utlandet. Skal du ta eksamen i Sverige eller Danmark, krev dette at du har dansk eller svensk personnummer, og er då nøydd til å melde flytting.

4. Pass og visum.
Sørg for at passet ditt er gyldig. Undersøk om du må ha visum, og sørg for at dette eventuelt er i orden før avreise.

5. Bankløysing.

Snakk med oss om kva bankløysing som lønner seg, slik at du unngår unødvendige gebyr mens du er i utlandet.

6. Finn ein stad å bu.

Undersøk om skulen har eige bustadstilbod til studentane. Dersom dei har dette kan bustad ofte ordnast før avreise.

7. Hugs gyldig studiebevis.
Med gyldig internasjonalt studiebevis kan ein få ei rekkje rabattar rundt om i verda.