- Alderen på gjenstanden
- Om gjenstanden hadde fått ei lågare bruksverdi
- Kor lenge gjenstanden har vore i bruk (mobiltelefonar har til dømes ein snittalder på 4 år, og verdien minkar derfor med 25 prosent i året)
Har du dokumentert alle utgiftene knytte til skaden?
Utrekninga blir òg basert på dokumentasjonen du har sendt inn. Derfor er det lurt å ta vare på alle kvitteringar i samband med sjukdom eller reiseforseinkingar.
Lurer du på om du fekk lagt ved all relevant dokumentasjon? Her finn du ei oversikt over kva som bør med når du melder skade.
Kor høg er eigendelen?
Som hovudregel er eigendelen 500 kroner på alt når du har ordinær reiseforsikring, med unntak av reisesjuke og heimtransport som det ikkje blir trekt eigendel for. Har du Reise Pluss, betaler du ikkje eigendel på noko.
Verdt å merke seg:
- Dersom erstatninga skal reduserast, blir dette gjort etter at eigendelen er trekt frå.
- Dersom det blir utbetalt erstatning for fleire forsikringsavtalar, blir det berre trekt éin eigendel - den største.
Erstatningssummen blir sett til kva det på skadedagen ville ha kosta å skaffe ein tilsvarande gjenstand til det same føremålet. Skulle det likevel oppstå usemje om verdien på gjenstanden, må du sjølv skaffe dokumentasjon som stadfestar verdien du meiner er rett. Vi kjem som regel alltid fram til ein sum alle er nøgde med.
Vi hjelper deg gjerne!