Kva bilforsikringa dekkjer, kjem først og fremst an på kva slags forsikring du har. Hjå oss kan du velje mellom fire ulike dekningar:

Ansvar: Dekkjer personskade og førar- og passasjerulukke. I tillegg dekkjer den skade du påfører andre. 

Delkasko: Dekkjer det same som ved ansvar. Delkasko dekkjer òg veghjelp, tjuveri, brann og glasskader på bilen. 

Kasko: I tillegg til det som blir dekt under delkasko, er du dekt for skade på ekstrautstyr, maskin, bagasje og skadar på eigen bil.

Bil Pluss: Dekkjer det same som ved kasko, men med utvida dekning på maskinskade. Du får òg leigebil i heile reparasjonsperioden, i tillegg til at tap av nøklar og feilfylling av drivstoff er dekt. Med Bil Pluss har du òg redusert eigendel ved kasko-skadar. 

Kva påverkar erstatningssummen? 
Det er fleire ting som påverkar erstatningssummen ved ein skade, men dette er hovudpunkta: 
  • Eigendelen på skaden. 
  • Eventuelle avkortingar. 
  • Reparasjonskostnader som forsikringsselskapet godkjenner. 
  • Marknadsverdien på bilen (dersom det ikkje lønner seg å reparere han). 
Kva har du i eigendel? 
Kor stor eigendel du betaler ved ein skade kjem an på kva for forsikring du har og kva slags skade du har meldt inn. Her er ei oversikt over kor stor eigendelen er ved dei ulike dekningane: 

Ansvarsforsikring 
  • Nyttar du ansvarsforsikring er det ingen eigendel på skade. 
Delkasko
  • Eigendel på 4 000 kroner på brann og tjuveri. 
  • Eigendel på 500 kroner ved veghjelp. 
  • Ingen eigendel ved reparasjon av glas (avgrensa erstatningssum til 750 kroner). 
  • Eigendel på 2 500 kroner ved skifte av rute. 
  • Ingen eigendel dersom glasskaden kjem av samanstøyt med dyr og skaden er rapportert til politiet eller viltnemda på staden. 
Kasko 
  • Eigendel på 4 000 kroner, dersom anna ikkje er avtalt. 
  • Eigendel på 6 000 kroner ved maskinskade (inntil 6 år eller køyrde meir enn 60 000 km). 
  • Eigendel på 1 000 kroner ved tjuveri av bagasje. 
  • Er forsikringa registrert med førar over 23 år, men skaden er registrert med førar under 23 år, blir eigendelen auka med 7 000 kroner. 
  • Er forsikringa registrert med at det berre er forsikringstakar som køyrer bilen, men skaden er registrert med ein annan førar av bilen, bli eigendelen auka med 7 000 kroner. 
  • Dersom ein køyrer på dyr, blir eigendelen redusert med inntil 4 000 kroner, dersom skaden blir rapportert til politi eller viltnemda på staden. 
Bil Pluss 
  • Reduksjon på inntil 2 000 kroner ved kaskoskade, men dette gjeld ikkje skadar på brann-, tjuveri-, glas- eller redningsforsikringa. 
  • Eigendel på 6 000 kroner ved maskinskade (inntil 10 år eller køyrde over 200 00 km).
Innløysning - kva tyder eigentleg det? 
I tilfelle der det verken er økonomisk eller teknisk forsvarleg å reparere bilen etter ein skade, innløyser vi bilen. Det vil seie at den tekniske avdelinga vår vurderer verdien på bilen opp mot marknadsverdien på ein tilsvarende bil. Denne vurderinga dannar grunnlaget for erstatningstilbodet du får for din bil. 

Er du usamd i erstatningssummen du blir tilbydd? 

Dersom du er usamd i erstatningstilbodet, må du sjølv få tak i dokumentasjon frå ein forhandlar på at marknadsverdien er høgare enn det vi har komme fram til. Når vi har teke imot dokumentasjonen vurderer vi verdien på nytt, og kjem eventuelt med eit nytt erstatningstilbod til deg. Vi kjem stort sett fram til ei løysing som alle er nøgde med. 

Har du andre spørsmål knytt til skadeoppgjer eller bilforsikring? 

Du kan lese meir om bilforsikring og skadeoppgjer i Eika her. Du kan òg ringe kundesenteret vårt på 915 03 850 eller sende oss ein e-post på forsikring@eika.no