Innskotspensjon

Innskotspensjon er ei viktig investering i framtida til dei tilsette og gjer det enkelt å rekna ut kva bedrifta må setja av til pensjon.
  • Enkel administrasjon av innskotspensjonen med Bedriftsportalen
  • God oversikt over kostnadene
  • Enkelt å halde pensjonsavtalen oppdatert med rett tilsette, rett lønn og stillingsprosent
  • Val mellom månadleg, kvartalsvis eller årleg faktura
Kontakt meg om innskotspensjon

Kva er innskotspensjon?

Alle bedrifter med minst éin tilsett er lovpålagde å etablera ei pensjonsordning for dei tilsette. Minimumskravet for innskotspensjon tilsvarer 2 % av lønn mellom 1 og 12 G og omfattar alle faste tilsette over 20 år som arbeider i meir enn 20 % stilling.

Kva kan bedrifta spare?
Pensjonssparinga er avgrensa til 7 % av lønn mellom 1 og 12 G. Bedrifta kan spara 18,1 % av lønna mellom 7,1 G og 12 G.

Alle innbetalingar til pensjonsordninga gir bedrifta skattefrådrag.

Kva spareprofilar kan den tilsette velja mellom?

Det årlege sparebeløpet som arbeidsgivar betaler inn til pensjonsbehaldninga til dei tilsette, blir avtalt mellom arbeidstakar og arbeidsgivar.

Den tilsette kan velja mellom fire ulike spareprofilar:

Eika Forsiktig. 30 % av inneståande på konto investert i aksjar. 70 % i renter.

Eika Moderat. 55 % av inneståande på konto investert i aksjar. 45 % i renter.

Eika Offensiv. 80 % av inneståande på konto investert i aksjar. 20 % i renter.

Eika 100 % aksjar. 100 % av inneståande på konto investert i aksjar.