Hopp til innholdet

Pensjon

Ein god pensjonsordning er ei viktig investering for framtida. Vi hjelper deg med å finne ei god pensjonsordning for bedrifta - enten du jobbar aleine eller har fleire tilsette.

Pensjonssparing

Pensjonssparing er viktigare enn nokon gong. Visste du forresten at ei god pensjonsordning for dine tilsette kan gjere deg til ein meir attraktiv og føretrekt arbeidsgivar?

Usikker på kva moglegheiter du og bedrifta di har?

Sunn økonomi handlar om å ta små og smarte grep. Få personleg rådgiving og gode råd om pensjonssparing! Alle fortener økonomisk sjølvtillit!

Kontakt oss om pensjon

Frode

Frode J. Buen

Rådgjevar næring

Spørsmål og svar om pensjonsordningar for bedrifter

Innskotspensjon er ei bedriftsfinansiert pensjonsordning der bedrifta betaler inn eit fast årleg beløp til dei tilsette sine individuelle pensjonskontoar. Alle tilsette får pensjonsopptening frå første arbeidsdag og første lønskrone. Dette aukar pensjonsoppteninga og inkluderer fleire tilsette i ordninga, noko som kan styrke bedrifta sin posisjon som ein attraktiv arbeidsgivar.

 Hvis du er sjølvstendig næringsdrivande, vil nivået på næringsinntekta vere avgjerande for kva pensjonsordning du bør velje. Pensjon frå arbeidsgivar må først skattast når pensjonen kjem til utbetaling. Dette gir meir pensjon til slutt, fordi eit større sparebeløp då kan forrente seg over fleire år.

Her kan du lese meir.

Innskotspensjon gir skattefordelar både for bedrifta og dei tilsette:

  • Bedrifta får inntektsfrådrag.
  • For dei tilsette må innskotspensjon frå arbeidsgivar først skattast når pensjonen kjem til utbetaling. Dette gir meir pensjon til slutt, fordi eit større sparebeløp kan forrente seg over fleire år.

Innskotspensjon skil seg frå andre pensjonsordningar ved at den gir ei klar og føreseieleg sparing, basert på fastsette innskot frå løna. Etter 2022 må bedrifter også inkludere løn opp til 1 G i pensjonsgrunnlaget, noko som utvidar dekningsområdet samanlikna med tidlegare ordningar. 

Viktig informasjon 

Innhaldet på desse sidene er marknadsføring og må ikkje oppfattast som personleg rådgjeving. Det er berre våre autoriserte rådgjevarar som kan gje personleg rådgjeving. Om du ønskjer rådgjeving frå ein av våre rådgjevarar kan du avtale eit møte med oss.
Informasjonen ovanfor er ikkje meint som investeringsråd eller tilrådingar. Om du ønskjer å vite meir om innskottspensjon og fonda som blir forvalta av Eika Kapitalforvaltning, ta kontakt med din lokale Eika-bank for personleg rådgjeving. Sjølv om aksjemarknaden har gått bra historisk er det ingen garanti for at det vil gjere det i framtida. Avkastninga blir påverka av marknadsutviklinga, risikoprofilen på di investering, forvaltarens dugleik og kostnader. Avkastninga kan bli negativ.

Informasjon om fondas investeringsmandat og risiko finn du i dei einskilde fondas prospekt og nøkkelinformasjon som er tilgjengeleg på våre nettsider.
Informasjon om fondas kostnader finn du her.