Hopp til innholdet
Som arbeidsgivar kan du vere ein viktig støttespelar når ein tilsett blir alvorleg sjuk.
BM Forsikring

Kva gjer de når ein tilsett blir alvorleg sjuk?

Alvorleg sjukdom rammar først og fremst den tilsette og dei næraste. I ei lita eller mellomstor bedrift kan det også skape utfordringar i den daglege drifta. Som arbeidsgivar vil du gjerne stille opp, samtidig som bedrifta skal gå rundt. Her får du nokre råd om kva du kan gjere, og kva forsikringar det kan vere lurt å kjenne til.

Movember set søkjelyset på prostatakreft, testikkelkreft, psykisk helse hos menn og sjølvmordsførebygging. Kampanjen minner menn om å lytte til signala frå kroppen, søkje hjelp når dei treng det, og snakke om det som er vanskeleg.

For deg som arbeidsgivar er kampanjen også ei anledning til å spørje: Veit vi kva vi skal gjere dersom ein tilsett blir alvorleg sjuk? Og veit vi kva hjelp forsikringane våre kan gi?

Når livet blir snudd på hovudet

Ein alvorleg diagnose påverkar som regel jobben, familien, økonomien og kjensla av kontroll. Mange menn er vane med å ordne opp sjølve. Når sjukdom rammar, kan derfor både sjølvbiletet og tryggleiken bli sette på prøve. Uvisse og nedstemtheit er vanlege reaksjonar. Og for mange blir det vanskeleg å seie frå om kva dei treng.

Her kan du som leiar gjere ein forskjell. Ein open og trygg dialog kan gjere det lettare for den tilsette å seie frå om behov og kapasitet. Den tilsette treng tid, omtanke og føreseielege rammer.

Du treng ikkje ha alle svara. Men du kan spørje om kva den tilsette treng frå deg, lytte, halde kontakten og bli einige om kva som kan fungere undervegs.

Når nøkkelpersonar blir borte

I ei mindre bedrift kan éin person sitje på kunnskap, kundar og oppgåver som få andre kan overta på kort varsel. Dersom denne personen blir alvorleg sjuk, merkar de det fort.

Det krev mykje av deg som leiar, både som medmenneske og som ansvarleg for drifta.

Du skal ta vare på eit menneske og halde hjula i gang.

Sjekk kva forsikringar de har, og kva dei dekker

Forsikringar gjennom jobben kan gi dei tilsette og familiane deira økonomisk støtte eller hjelp til å få behandling.

Hos oss får du ulike forsikringar som dekker ulike behov. Her er tre forsikringar som kan vere nyttige å kjenne til:

Helseforsikring kan gi tidlegare hjelp

Tidleg hjelp kan gjere vegen tilbake til jobb kortare. Helseforsikringa vår gir rask tilgang til utgreiing og behandling i det private helsevesenet, som er omfatta av forsikringsavtalen.

  • Garantert konsultasjon, undersøking eller behandling innan 10 vyrkedagar.
  • Gratis tilgang til ein døgnopen medisinsk telefon.
  • Moglegheit til å snakke med ein lege på video (og sleppe å reise dit).

Gruppelivsforsikring kan hjelpe familien

Gruppelivsforsikringa vår gir familien ei eingongsutbetaling dersom den tilsette døyr, uansett årsak. De kan også velje dekning for ektefelle eller sambuar.

  • Økonomisk hjelp og tryggleik til dei som sit igjen.
  • Gjeld heile døgnet - i heile verda.

Annan sjukdom kan gi erstatning ved uførheit

Forsikringa vår for Annan sjukdom kan gi erstatning dersom ein tilsett blir varig ufør på grunn av ein sjukdom som ikkje er ein yrkessjukdom.

Dekninga kjøper de saman med yrkesskadeforsikring, og ho blir tilpassa alderen og inntekta til den tilsette. Retten til utbetaling er avhengig av avtalen og vilkåra.

  • Dekker slitasje- og belastningsskadar.
  • Blir tilpassa alder og inntektsnivå.
  • God oppfølging og rettleiing av den tilsette ved sjukdom.

Ta ein forsikringsprat før de treng det

Som arbeidsgivar kan du gjere ein forskjell ved å vere godt førebudd. Men i ein hektisk kvardag er det lett å la forsikringane berre halde fram som før.

Då kan det vere lurt å få oversikt over kva forsikringar bedrifta har, kven dei gjeld for, og kva støtte dei kan gi.

Er du usikker på kva bedrifta di treng, kan vi hjelpe dykk med å finne dei riktige dekningane og forsikringssummane som passar.

Send oss ei melding, så tar vi kontakt og ser på det saman med deg.