Hopp til innholdet
Familie sit i sofaen og les ei bok saman. Eitt barn held ein leikebil, og det er puter og grøne plantar i rommet.

Gruppelivsforsikring

  • Familien til den tilsette får ei eingongsutbetaling ved dødsfall, uansett årsak.
  • Gjeld heile døgnet – over heile verda.
  • Eit tilsettgode som bidreg til trygg økonomi for familien til den tilsette.

Gruppelivsforsikring – økonomisk støtte til familien

Dersom ein tilsett skulle falle bort, gir gruppelivsforsikringa økonomisk hjelp til familien som sit att. Det kan vere med på å dekkje faste utgifter og gi litt meir ro i ei vanskeleg tid.

Dekninger Gruppeliv
Tilsettes død

Inkludert

Inntil 50 G

Barnetillegg

Inkludert

Valfri tilleggsdekning

Ektefelle/sambuars død

Inkludert

Valfri tilleggsdekning

Uføreforsikring

Inkludert

Valfri tilleggsdekning

Opplysningane her er forenkla og forkorta samanlikna med fullstendige vilkår.

Har du allereie forsikringar hos oss, logg inn for å laste ned vilkåra som gjeld for deg – anten det er personleg, for bedrifta di eller garden din.

Spørsmål og svar

Begunstiging handlar rett og slett om kven du ønskjer skal få utbetalt livsforsikringa di viss du døyr. Det kan vere ein ektefelle, sambuar, barn eller fleire personar. Du bestemmer sjølv.

Mange familiar i Noreg er avhengige av to inntekter for å få kvardagen til å gå rundt. Dersom éi av inntektene brått fell bort, kan det få store konsekvensar – i verste fall må ein selje huset. Difor er det viktig å tenkje gjennom kven som skal få pengane viss noko skulle skje med deg.

Har du ei livsforsikring – anten privat, gjennom eit forbund eller via jobben – bør du sjekke kven som står som begunstiga. Viss du ikkje har valt nokon, følgjer pengane arverekka. Og hugs: Sambuar er ikkje automatisk ein del av arverekka, med mindre de er gifte eller registrerte partnarar.

Du kan òg velje fleire begunstiga, og fordele forsikringssummen mellom dei. Dette gjer du anten når du kjøper forsikringa, eller ved å sende inn eit eige skjema seinare.

Ja, men livsforsikringa må ha vore aktiv i minst eitt år før hendinga for at dei etterlatne skal få utbetalt forsikringssummen. Dersom forsikringa er kjøpt mindre enn eitt år før, gjeld ikkje dekninga ved sjølvmord.

Har du sjølvmordstankar?

Dersom du har det vanskeleg, er det viktig å vite at du ikkje er åleine. Det finst menneske som vil hjelpe deg. Snakk med nokon du stolar på, eller la noen andre hjelpe deg.