Treng du å ta ut eller setje inn kontantar? Gjer det i butikken!
Med kontantenester i butikk har du lett tilgang til både innskot og uttak.
Bedriftskort frå oss er ei påliteleg løysing for bedrifter som treng ein enkel og sikker måte å handtere daglege utgifter på. Kortet gir deg effektiv oversikt over økonomien, uansett storleiken på bedrifta.
Med vårt bedriftskort får du detaljert oversikt over alle transaksjonar, noko som gjer det enkelt å halde styr på bedrifta sine utgifter. Ved å bruke bedriftskortet reduserast risikoen for kontantbruk, og det blir enklare å skilje mellom private og bedriftskjøp.
Kortet kan brukast både i Noreg og utlandet, og i butikkar og på nett som aksepterer Visa og BankAxept. Kontaktlaus betaling gjer handleopplevinga rask og praktisk.
Bedriftskortet gir tryggleik med sikker betalingsteknologi som beskyttar mot misbruk og svindel. Du får umiddelbar varsling ved mistenkjelege transaksjonar.
No kan du bestille bedriftskort sjølv i nettbanken under «Bestill produkt» i toppmenyen, eller du kan bestille her. Ta kontakt med oss dersom du treng råd og rettleiing!
Gjer det sjølv i mobil- og nettbanken, og bestill nytt kort samtidig.
Du kan også ringe for å sperre kortet på telefon +47 915 02 436. Vi hjelper deg gjerne.
Med kontantenester i butikk har du lett tilgang til både innskot og uttak.