Ny rutine for skattetrekk – dette må du vite før 2026
Frå 1. januar skjer det ei viktig endring i korleis skattetrekk skal handterast.
Endringane frå denne datoen for deg som driv ein bedrift er som fylgjer:
- Du skal ikkje lenger overføre skattetrekk til skattetrekkskonto.
- Skattetrekk skal betalast direkte til Skatteetaten – seinast første virkedag etter lønnsutbetaling.
- Du skal rapportere lønnsutbetalingsdato i a-meldinga frå 2026.
Januar er ein overgangsmånad der
- 6. termin for 2025 betalast som vanleg innan 15. januar.
- Deretter sluttar du overføringane til skattetrekkskontoen.
Planlegg utbetaling av lønn i desember godt, slik at skattetrekkskontoen er tom etter betaling av 6. termin for 2025. Ta gjerne kontakt med din rekneskapsførar og/eller leverandør av lønnssystem, for å sikre at dei er klare for den nye ordninga.
Kva skjer med skattetrekkskontoen min?
Vi vil automatisk avslutte skattetrekkskontoen din etter 10. april 2026, dersom saldoen er under 12 000 kroner på det tidspunktet. Eventuell inneståande og opptente renter vil bli overførte til driftskontoen din. Det vil bli sendt melding om dette i nettbanken i god tid før avslutting. Dersom du har behov for kontoutskrifter på kontoen, hugs å hente dette ut før kontoen blir avslutta i nettbanken.
Kva skjer med skattetrekkskonto med saldo over 12 000?
Du kan fortsetje å bruke skattetrekkskontoen til betaling fram til 10. april for å tømme kontoen. Dersom beløpet overstig 12 000 kroner etter denne datoen, må du søkje om frigiving frå Skatteetaten.