Bankgaranti

Ekstra tryggheit for kjøpar og seljar: Bankgarantien sikrar ein økonomisk kompensasjon overfor tredjepart, dersom bankens kunde ikkje overheld sine avtaleforpliktingar. Garantien kan nyttast i heile sals- og gjennomføringsprosessen.
  • Gir kjøpar og seljar ekstra tryggheit
  • Kan vere ein styrke i forhandlingar og ein føresetnad for å vinne ein kontrakt
  • Økonomisk kompensasjon om avtala ikkje blir halden
Kontakt meg om bankgaranti

Dette er bankgaranti

Ein bankgaranti blir brukt for å sikre avtaler mellom to partar, til dømes ved betalingsavtaler,kontraktar og lån.

  • Banken stiller garanti på oppfordring frå bedrifta
  • Det finst ulike typar betalingsgarantiar, som kontrakts- og entreprenørgaranti og transportgaranti, og dessutan andre garantier etter behov 

Når du teiknar ein bankgaranti hos oss, stadfestar vi at dine økonomiske forpliktingar overfor motparten blir oppfylte. Ta kontakt med oss for meir info rundt dei ulike typane bankgaranti. 

3 grunnar til å teikne bankgaranti

  • Styrkjer forhandlingsposisjonen din, og er ofte ein føresetnad for å få ein kontrakt
  • Når du er kjøpar: Sikrar oppfylling av leveringstider
  • Når du er seljar: Sikrar at du får betalt for det du leverer