Hopp til innholdet

Få oversikt over nedbetalingsplanen på lån

No treng du ikkje lenger kontakte banken for å få oversikt over nedbetalingsplanen på låna dine. Med berre eit par klikk i nettbanken får du full oversikt og kan sjå og hente ut nedbetalingsplanane dine sjølv.

Slik finn du nedbetalingsplanen

  • Vel ønskt lånekonto rett på framsida eller ved å gå inn på «Kontoar», som ligg under hovudmenypunktet «Konto» i hovudmenyen i nettbanken.
  • Under «Lånekontoar» vel du lånet du ønskjer å sjå på, og trykkjer deretter på «Nedbetalingsplan».
  • Du kan byte mellom låna i nedtrekksmenyen øvst.

Treng du ein PDF av nedbetalingsplanen, kan du bruke utskriftsfunksjonen i nettlesaren din.