Godkjenn filbetalingar og skann fakturaer i mobilbanken
Sjå og godkjenn betalingar og skann fakturaer – også når du er på farten.
No har vi to gladnyheiter frå mobilbanken vår som begge kan gjere kvardagen litt enklare når du har med deg mobilen.
Sjå og godkjenn filbetalingar
Mobilbanken samlar no alle fil- og lønnsutbetalingane dine under «Betalingar til godkjenning». Det betyr at du no kan opne samlepostar og sjå og godkjenne detaljane for kvar enkelt betaling med mobilen.
Akkurat som du gjer i nettbanken.
Kva er nytt?
Løysinga har fått fleire forbetringar som gjer det enklare å godkjenne betalingar:
- Filbetalingar blir viste øvst i lista.
- Du får raskare tilgang og betre oversikt.
- Du ser totalbeløp per fil (også når fila inneheld fleire valutaer).
- Du kan sjå betalingane i fila.
- Du kan opne samleposten og sjå detaljar som mottakar, KID og melding.
- Betalingstype er tydeleg markert (til dømes fil, lønn, betaling, utanlandsbetaling eller overføring).
Fakturaskann med KI
Visste du at meir enn 6 millionar fakturaer blir betalte manuelt i mobil- og nettbanken vår kvart år? Det er mange timar med punching av KID og kontonummer!
Men no kan du skanne fakturaer med KI i mobilbanken og la den gjere jobben for deg.
Slik fungerer fakturaskannaren med KI
- Klikk på «Nyheit! Skann faktura!» øvst til venstre der du betaler rekningar i mobilbanken.
- Ta eit bilete av fakturaen med mobilen og last det opp (eventuelt vel eit eksisterande bilete eller ei fil).
- Når KI-en skannar fakturaen, legg han til KID, beløp, kontonummer og dato for deg.
- Voilà. Fakturaen er registrert, og du kan betale han.
For deg betyr dette ei enklare og meir saumlaus betalingsoppleving, med mindre manuell punching og færre feil.