BankID-app
-
Kva er BankID-appBankID-appen er ein digital variant av kodebrikka di. Han er tryggare, enklare og betre enn andre BankID-metodar fordi han er basert på nyare teknologi. Med BankID-app er du betre verna mot svindel fordi du ikkje har nokon kode du kan gje frå deg, du får betre informasjon om kjøp/innlogging i appen og kan enkelt avbryte dersom noko ikkje stemmer.
-
Korleis lastar eg ned BankID-app?
- Ha kodebrikka (eller BankID på mobil) tilgjengeleg.
- Last ned BankID-appen frå App Store eller Google Play.
- Følg instruksjonane på skjermen.
Lurer du på noko undervegs? Vi har laga forklaring på stega her:
Aktiver BankID-app med kodebrikke.
Aktiver BankID-app med BankID på mobil.
-
Er det sikkert å bruke app?BankID-app er tryggare å bruke enn kodebrikken fordi du er betre verna mot svindel. Med BankID-app har du ikkje nokon kode du kan gje frå deg, du får betre informasjon om kjøp/innlogging i appen og kan enkelt avbryte dersom noko ikkje stemmer.
-
Eg får ikkje app som eit alternativ når eg skal bruke BankIDDu må velje BankID og ikkje BankID på mobil når du skal logge inn med app. Når du loggar inn fyrste gong med app, vel du app som metode: klikk på Velg annan BankID under feltet for eingongskode. så vel du ønsket kodeapp i lista, trykkjer deg vidare og følgjer instruksjonen på mobilen din.
-
Korleis flytter eg BankID-app til ny telefon?
Dersom du har BankID-app treng du ikkje kodebrikka for å aktivere app når du bytte telefon. Du kan enkelt ordne dette utan kodebrikka slik:
- Last opp BankID-app på ny telefon.
- Aktivér BankID-app på ny telefon med BankID-appen på den gamle telefonen din. Hugs å velje "Kodebrikke" når du skal aktivere, og hugs at du må ha internett på begge telefonane.
- No er BankID-appen klar på den nye telefonen din.
-
Appen gir ikkje respons etter at eg har fylt ut fødselsnummerDå har du mest sannsynleg slått av varslingar på mobilen din. Opne BankID-appen og slå på varslingar ved å trykkje på meldinga som ligg på heim-skjermen. Då får du ein snarveg inn i appen kvar gong du skal godkjenne ein førespurnad.