Med lanseringa av biometrisk innlogging i BankID-appen vil mange få ei betre brukaroppleving. Det inneber at du på stadig fleire brukarstader kan bruke ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller PIN-kode, i staden for å taste inn passord. Medan ei innlogging med BankID på mobil tek rundt 30 sekund, vil det ta under 10 sekund å logge inn med BankID-appen ved bruk av ansikt, finger eller PIN-kode.

Skal bli meir utbreidd enn passord
Raskare BankID vil bli meir og meir utbreidd med tida. Ambisjonen er at du i framtida skal kunne bruke innlogging med ansikt, finger eller PIN-kode i dei aller fleste tilfella. Dette vil med andre ord i stor grad erstatte dagens bruk av passord. Unntaket er situasjonar som krev ekstra tryggleik – til dømes ved større transaksjonar og e-signeringar, som når du skal signere dokument ved bustadkjøp.

Utrullinga av raskare BankID hos brukarstadene vil skje gradvis, og du vil framleis oppleve at du må bruke passord i mange tilfelle ei god stund framover. Det er heller ikkje eit krav å nytte den nye tenesta, men det er tilrådd fordi det gjev ei endå betre og raskare brukaroppleving.

Nokre BankID-brukarar har allereie klargjort appen sin for innlogging med ansikt, finger eller PIN. Dei vil få automatisk tilgang til tenesta når ho no blir rulla ut. Dersom du ikkje har klargjort appen for raskare BankID endå, kan du aktivere tenesta ved å følgje stega nedanfor.