Då den nye pensjonsordninga blei innført i 2006, valde dei fleste å leggje seg på minstekravet i lova, to prosent av løn mellom 1* og 12 G (* endra til to prosent av løn frå 0 til 12 G per 1. januar 2023). Ordninga var tenkt å kompensere for reduserte utbetalingar frå folketrygda i framtida. Dessverre vil ikkje denne prosentsatsen  vere nok dersom dei tilsette ønskjer å halde fram den livsstilen dei har i dag. Ein sparesats på to prosent vil svare til at dei tilsette vil få løn annankvar månad når dei går av med pensjon.

Statistikk frå Finans Norge viser at om lag 70 prosent av bedriftene har valt ein betre pensjonsavtale enn minstekravet i lova ved utgangen av 2021. Sparing til pensjon via arbeidsgjevaren har blitt eit av tilsettgoda som arbeidstakarar set høgast når goda skal rangerast, i tillegg til løn. Dette inneber at du kan bli ein meir attraktiv og føretrekt arbeidsplass ved å ha ein høgare sparesats til dine tilsette. Det er så enkelt at dersom ein arbeidstakar har valet mellom to arbeidsgjevarar, kan ei bedrift med høgare sparesats på innskotspensjonen for dei tilsette bli det føretrekte valet. 

Fordelar ei god pensjonsordning med Eika Innskotspensjon kan ha for dei tilsette:       

  • Ordninga gjev pensjonsinnskot frå første krone frå den tilsette er 13 år.
  • Pensjonsordninga kan gje god avkastning for dei tilsette.
  • Dei tilsette kan velje sin individuelle spareprofil.
  • Bedrifta du jobbar i, ser deg og behova dine også i framtida.
  • Den tilsette kan følgje med på utviklinga av pensjonen sin på Storebrand Smart Pensjon.
  • Vi har mange dyktige rådgjevarar som kan hjelpe dei tilsette med det dei lurer på om pensjon.

Fordelar ei god pensjonsordning med Eika Innskotspensjon kan ha for bedrifta:

  • Gode ordningar gjev  lojale tilsette.
  • Bedrifta står sterkare i konkurransen om dei kloke hovuda. 
  • Tilsette kan bidra med eigensparing osv. 
  • Utgiftene til pensjon blir kostnadsførte, og reduserer dermed skattegrunnlaget til bedrifta.
  • Sparenivået kan endrast av arbeidsgjevaren. 

Du får ein fast rådgjevar og kontaktperson i banken som hjelper deg med god økonomisk rettleiing for deg og bedrifta. Kontakt oss for å finne den pensjonsordninga som er best for deg og di bedrift og dei ansatte.