Alle i Noreg er dekt gjennom folketrygda, men vanlegvis utgjer ikkje pensjon frå denne meir enn 35 til 40 prosent av det du får i løn i dag, avhengig av kor stor løn du har hatt i karrierane dine, og kor mange år du har jobba.

Lov om tenestepensjon seier at alle bedrifter med meir enn to tilsette må ha ei tenestepensjonsordning der det blir sett av minimum to prosent av løna til dei tilsette i ordninga. Jobbar du derimot for deg sjølv, eller berre har éin tilsett, har bedrifta ingen slike krav. Men ingen av oss vil vel gå ned i levestandard når vi ein gong blir pensjonistar? Difor må du spare sjølv i tillegg, for å oppnå ein pensjon som matchar løna.

Tre ulike pensjonsløysingar

Det finnast i hovudsak tre mogelege pensjonsordningar. Ytingspensjon, innskotspensjon og pensjonsfond.

Ytingspensjon er kjenneteikna av at utbetalinga ved pensjonsalder er avgjort på førehand. Denne ordninga er føreseieleg for den tilsette og basert på ei «anslått» folketrygd. Bedrifta betalar inn den årlege premien til pensjonsordninga, og premien er mellom anna avhengig av kor lenge du har spart, alder og lønsnivå. Ytingspensjon er ei forsikringsordning, der du garantert får pensjonsutbetaling etter fastsett nivå, men eignar seg best for store bedrifter.

Innskotspensjon er ei rein spareordning, der innbetalinga til pensjonsordninga er fastsett som ein prosentsats av løna. Denne løysinga er føreseieleg for bedrifta, men nivået på pensjonen for den enkelte vil vere avhengig av innbetalingane, avkastinga og kor lang utbetalingstid du vel. Storleiken på pensjonen er heilt uavhengig av folketrygd og oppteningstid.

Eiga sparing gjennom for eksempel pensjonsfond, er den tredje løysinga. Her kan du velje mellom aksjefond med høgast risiko, kombinasjonsfond med lågare risiko eller rentefond med lågast risiko.

  • Les meir om våre pensjonsfond

  • Men korleis velje den rette ordninga som passar for verksemda di?

    Når gode råd løner seg

    Er du bedriftsleiar i eit lite føretak, kan det verke komplisert å kome i gong med pensjonssparinga. Ein stad å starte er rett og slett å ta kontakt med ein rådgjevar i banken.

    - Det er eit lite reknestykke å finne ut kva som løner seg for den enkelte. Det er mange faktorar som spelar inn, seier marknadsdirektør i Eika kapitalforvaltning, Gunnar Birkevold.

    Mellom anna er det viktig å vere obs på at utbetalinga frå folketrygda blir prosentvis lågare dess høgare inntekt du har. Alt du tener over 7,1 G (657.289,-) vil ikkje telje med i pensjonsoppteninga frå folketrygda. Difor kan det løne seg med innskotspensjon om du tener rundt 500.000 i året. Men då er du avhengig av høg avkasting på innskotet du sparer, seier Birkeland.

    Er du låglønna, kan det i nokre tilfelle også løne seg å velje innskotspensjon.

    - Årsaka er at du er forsikra gjennom ordninga og får innskotet dekt om du skulle bli langvarig sjuk, fortel han.

    Men først og fremst bør du snakke med ein bankrådgjevar for å kartlegge og finne ut kva som løner seg økonomisk.

    - Saman må de gå gjennom alle tala. Om det skulle vise seg at ytings- eller innskotspensjon ikkje løner seg for deg, bør du spare i fond, avsluttar han.